Buddhastatuane i Bamiyan

Buddhastatuane i Bamiyan (persisk بت های باميان, but hay-e bamiyaan) var fleire monumentale statuar av stående buddhafigurar skorne ut av klippeveggen i Bamiyandalen i Hazarajat-regionen i sentrale Afghanistan. Statuane blei laga på 500-talet og blei øydelagd av Taliban i 2001.[1] Restane etter statuane og fleire andre fornminne i dalen er tekne med på UNESCO si liste over verdsarv.[2]

Kulturlandskap og fornminne i Bamiyandalen

LandAfghanistan
Innskriven ved UNESCOs 27. sesjon i 2003.
Referansenr. 208.
Kriterium:KULTUR (I, II, III, IV, VI)
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffKulturlandskap og fornminne i Bamiyandalen ved unesco.org

Restane etter buddhastatuane og dei andre fornminna ligg nær Bamiyan, rundt 2 500 moh. og 230 km nordvest for Kabul. Med til verdsarvstaden reknar ein utskjeringane i Bamiyanklippene, som mellom anna omfattar to veldige nisjar som tidlegare huste buddhastatuane; holene i Kakrakdalen laga på 500-1200-talet; holer i Fuladidalen; festningsverka Shahr-i Zuhak og Qallai Kaphari frå 500-700-talet; og citadellet Shahr-i Ghulghulah frå 500-900-talet.[2]

Buddhastatuane endre

Den største statuen var den største stånde buddhastatuen i verda.[3] Han målte 55 meter og blei bygd i 554. Den noko mindre statuen på 38 meter blei reist i 507.[1] Det finst også fragment av ein buddhastatue på 10 meter blant holene.[2] Buddhastatuane blei skildra av den kinesiske munken Xuan Zang, som vitja Bamiyan i 632. I tillegg til dei to store ståande statuane omtalte han også ein liggande Buddha. Denne er det ikkje funne spor av i nyare tid.[3]

Dei viktigaste skulpturdelane blei hogd direkte frå sandsteinklipper medan detaljar til statuane blei modellert i leire blanda med strå og belagt med stukkatur. Det opphavlege belegget var måla, den store statuen var karminraud og den mindre hadde fleire fargar.[3]

Den fanatiske stormogulen Aurangzeb gav på 1600-talet ordre om å skyta føten av den største buddhastatuen. Statuane blei sprengde av Taliban i 2001 etter at dei var blitt erklært «heidenske avgudar».[3]

Holekloster endre

Med til verdsarvstaden høyrer også ei rekkje holer som blei brukt til kloster, meditasjons- og heilage stader av buddhistar i Bamiyan. I fleire av holene finst holemåleri frå mellom anna sassanidetida. Under øydelegginga av statuane blei rundt 80 % av måleria i holene rundt dei øydelagd av Taliban sin ikonoklasme.[3]

Festningsverk endre

 
Mann på esel med Shahr-e Golgolah og fjell i bakgrunnen.

Fleire forlatne festningverk ber vitne om ei fortid med fleire erobringar. Shahr-e Golgolah frå 500-900-talet, tidlegare Shahr-i Bamiyan, var den opphavlege plasseringa til muslimske Bamiyan då byen var ein viktig stoppestad på den baktriske Silkevegen.[2] Byen skal ha blitt lagd i ruinar og innbyggjarane drepne av Djenghis khan i 1221. Dette har gjeve han namnet Shahr-e Golgolah ('By av skrik').[4]

Andre festningsverk er Qallai Kaphari A og B aust i Bamiyandalen, og endå lengre aust Shahr-i Zuhak med fleire historiske lag fram til ghaznavide- og ghoridedynastia.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Gall, Carlotta (5. desember 2006), Afghans consider rebuilding Bamyan Buddhas, International Herald Tribune, arkivert frå originalen 16. desember 2012, henta 6. januar 2008  Oppgjeve av Wikipedia på bokmål.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Cultural Landscape and Archaeological Remains of the Bamiyan Valley, unesco.org
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Gall, Carlotta (6. desember 2006), From Ruins of Afghan Buddhas, a History Grows, The New York Times, henta 19. mai 2013 
  4. The Heart of The Ancient Islamic City of Bamyan To Be Restored (Mar 19, 2013), moic.gov.af

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Buddhastatuane i Bamiyan