Bukkeholstindan er eit fjell i Lom kommune i Innlandet. Fjellet består av ei rekkje tindar mellom Søre Illåbreen i vest og Bukkeholsbreen i aust. Den største toppen er Store Bukkeholstinden på 2213 meter over havet, noko som er det 47. høgaste fjellet i landet.

Bukkeholstindan
fjell
Land  Noreg
Område Lom (Innlandet)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 213 moh.
Primærfaktor 160 m
Førstestiging 4. august 1887 (Alexander Walnum, Lars Sulheim d.e.)
Koordinatar 61°35′26″N 8°17′09″E / 61.59056°N 8.28583°E / 61.59056; 8.28583
Kart
Bukkeholstindan
61°35′15″N 8°18′46″E / 61.5875°N 8.3127777777778°E / 61.5875; 8.3127777777778
Wikimedia Commons: Store Bukkeholstinden

Andre toppar er Vestre Bukkeholstinden (2166 moh), Nørdre Bukkeholstinden (2149 moh), Midtre Bukkeholstinden (2154 moh) og Søre eller Søraustre Bukkeholstinden (2058 moh). Alle desse er av dei 150 høgaste toppane i Noreg med primærfaktor større enn 50 meter.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre