Buklanding er ein naudlandingsprosedyre der et fly landar med eitt eller fleire landingshjul heilt eller delvis trekt inn, og som dermed nyttar undersida, eller buken, på flyet som den primære landingsflata. Ei buklanding fører normalt til alvorleg skade på flyet.

Eit de Havilland Dash 8 frå flyselskapet ANA etter ein buklanding på Kochi Airport den 13. mars 2007, der landingsstellet framme ikkje falda seg ut.

Buklandingar er spesielt risikable sidan flyet lett kan ta fyr, eksplodere, rulle ukontrollert eller gå i oppløysing om landingshastigheita er for stor eller flyet tar bakken altfor hardt. Høg presisjon er naudsynt for å sørgje for at flyet landar så rett og flatt som mogleg, samtidig som ein held høg nok fart til at flyet framleis kan kontrollerast. Sterk sidevind, dårleg sikt, skade på flyet eller øydelagde flyinstrument aukar faren dramatisk ved buklanding.