Bumbo, også kalla bombo eller bumboo, er ein cocktail som blandar rom, vatn, sukker og muskat. I dag bruker ein ofte kanel i staden for muskat.

Bumbo vart utvikla frå grogg av sjømenn og piratar i det karibiske havet. Grogg inneheld ein del sitrusjus, som verna sjømenn mot skjørbuk, men også gjorde drykken sur. Sjømenn i det karibiske området turvte ikkje sitrusjus fordi reisene deira var kortare og dei åt ein del frukt og grønsakerskipet. Dei brukte difor sukker og muskat i staden for sitronjus for å få ein søtare drykk.

I 1700-åra vart bumbo populær i britisk Nord-Amerika. Han vart so ofte brukt i valkampanjar for å lokka veljarar at skikken med å gje gåver åt dei røystføre fekk namn «swilling the planters with bumbo» (å mata bøndene med bumbo). I valkampanjen for delstatsparlamentet i Virginia i juli 1758, til dømes, brukte George Washington om lag 605 liter rom for å laga bumbo for 391 veljarar.

Kjelder endre

  • Oxford English Dictionary, 2. utg., "Bumbo"
  • Michael Pinto-Duschinsky (2002). "Financing Politics: A Global View". Journal of Democracy 13:4: 69-86.