Bund, opphavleg Algemeyner Yidisher Arbeterbund in Rusland, Lite un Poyln, er ein sosialistisk organisasjon som blei danna i Vilnius/Vilne/Vilna i 1897. Dei arbeider for å organisere jødiske arbeidarar til kamp for faglege, politiske og kulturelle rettar. Til det siste høyrer kravet om anerkjenning av det jødiske folkemålet yidish (jiddisch) som skrift- og litteraturspråk (sjå Jiddisch språk). Bund tok avstand frå sionismen, og gjekk inn for jødisk frigjering der jødane var (doikhkeyt). Bund er "assosiert" organisasjon med Den sosialistiske internasjonalen. Ein mannleg medlem av Bund blir kalla ein bundist, ein kvinneleg ei bundistke.

Bund


LandDet russiske imperiet
Grunnlagt7. oktober 1897
Nedlagt19. april 1921
Medlemstal34 000 (1905)
Ideologibundisme, Sosialdemokrati, demokratisk sosialisme, antisionisme, Laïcité Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstresida
Ein Bund-demonstrasjon ein stad i Russland i 1917

Tidleg historie endre

Bund var ein del av det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet RSDRP, der dei støtta den mensjevikiske fløya, men opprettheldt stor grad av organisasjonsmessig sjølvstende. Etter at det russiske storriket fall saman på slutten av første verdskrigen, opererte Bund som sjølvstendig sosialistisk organisasjon for jødane særleg i dei baltiske landa og Polen.

Bund hadde ein eigen kampsong, Di Shvue (Lovnaden), som dei bruka attåt Internasjonalen og andre internasjonale sosialistiske songar. Han har tekst av S. Ansky (Rappaport).

I Sovjetunionen blei Bund liksom andre mensjevikiske organisasjonar forboden, men ein del bundistar valde å gå inn i det sovjetiske kommunistpartiet sin jødiske seksjon Yevsektsija for å arbeide for yidishkulturen der, noko dei delvis lykkast med på 1920-talet. Særleg i Belarus (Kviterussland) og Ukraina budde det mange jødar, og mange av dei opplevde bolsjevikstyret som det minste vondet samanlikna med dei aktuelle alternativa, da tsar-tilhengarane og nasjonalistgruppene ofte var sterkt anti-semittiske. Særleg i Ukraina gjennomførte nasjonalistgrupper store massakrar (pogromar) mot den jødiske folkesetnaden under borgarkrigen 1918-1920.

Mellomkrigstida endre

Medan Bund som organisasjon var borte i Sovjetunionen, heldt han fram andre stader i Aust-Europa (og i USA, dit han tidleg kom med jødiske utvandrarar). Særleg i Litauen og Polen stod Bund sterkt blant jødane. Ved valet i Polen i 1938, viste det seg at Bund var det største partiet blant jødane. (Vilnius/Vilne var elles ein del av Polen i mellomkrigstida, og ein by med mesta berre polsk og jødisk folkesetnad).

Bund hadde på mange måtar stordomstida si i Polen i mellomkrigstida, sjølv om landet hadde eit autoritært, katolsk-nasjonalistisk styre. Bund var eit politisk parti, men ikkje berre det. Dei skapte eit heilt miljø, ei livsform basert på demokratisk sosialisme og sekulær folkeleg kultur, med folkemålet yidish i botnen. Bund var ikkje minst populær blant dei jødiske kvinnene, noko arbeidet til kvinneforbundet «Yidishe Arbeter Froy» (Den Jødiske Arbeidarkvinna) kan ta mykje av æra for. Barn og ungdom blei organiserte i «Tsukunft» (Framtid) og «Sotsyalistisher Kinder Farband» (SKIF, Det Sosialistiske Barneforbundet). Bund dreiv ei rekkje aviser, med hovudorganet «Folkstsaytung» (Folkebladet) i brodden. Dei dreiv forlag, teater, idrettslag og hadde jamvel sitt eige sekulære og progressive skulevesen «Tsentrale Yidishe Shul Organisatsye» (TSYSHO). Dei hadde òg sjølvforsvarsgrupper til forsvar mot overgrep og pogromar. Bund var liksom arbeidarrørsle og målrørsle på ein gong, og fekk stendig større oppslutning.

Shoah og etterpå endre

Så kom andre verdskrigen og det nazistiske folkemordet på jødane (Shoah/Holocaust). Dei fleste av dei yidish-talande jødane Bund arbeidde blant og for i Aust-Europa, blei drepne.

Bund heldt fram som illegal organisasjon i mellom anna Polen under nazistisk okkupasjon. I 1942 var bundisten Marek Edelman med å skipe ZOB, Den jødiske kamporganisasjonen, som leidde oppstanden i Warszawaghettoen i 1943. Han og andre overlevande frå ZOB etter ghettooppstanden gjekk etterpå inn i den polske motstandsrørsla og var med i Warszawaopprøret i 1944.

Sjølv om det store fleirtalet av polske jødar var drepne, deltok Bund i vala i Polen i 1947, på ei fellesliste med Det polske sosialistpartiet PPS. Bund fekk vald inn ein parlamentsmedlem og fleire kommunestyremedlemer. I 1948-1949 vart dei polske Bund-leiarane pressa av kommunistane til å oppløyse partiet. Mange bundistar var mot dette, mellom dei Marek Edelman, som sidan var aktiv i opposisjonsgruppene KOR og Solidarnosc. Under unntakstilstanden i 1981 var Edelman internert, men sidan vart han innvald i parlamentet (1989-1993).

Bund vart reetablert som internasjonal organisasjon etter krigen på ein konferanse i Belgia i 1947. Det er Bund-grupper eller grupper tilknytte Bund i til dømes Storbritannia, Australia, Canada, Argentina, Frankrike og USA i tillegg til Israel. Hovudsetet er i dag i New York, der Bund mellom anna gjev ut månadsskriftet Undzer Tsayt (alternative skrivemåtar Unzer Tsait eller Unser Tsait), på yidish.

Yidish blir i dag bruka i varierande grad av ca fire millionar menneske, men har delvis vorte motarbeidd i Israel, der styresmaktene ville ha hebraisk.

Bakgrunnsstoff endre

(I hovudsak kopierte frå engelsk wikipedia 15. juli 2008.)