Bunden rotasjon tyder at ein himmellekam som går i bane rundt ein annan, roterer slik om sin eigen akse at han heile tida vender same side mot sentrallekamen. Det vil seie at rotasjonstida er lik omlaupstida.

Månen i venstre figur er rotasjonelt bunden og viser same sida mot planeten heile tida. Månen i høgre figur roterer ikkje i det heile, og viser dimed gradvis fram heile yta si til planeten.

Månen har bunden rotasjon til Jorda. Dei fleste andre månane i solsystemet har au bunden rotasjon på grunn av tidevasskrefter, og hos nære dobbeltstjerner synest bunden rotasjon å vere det normale for begge komponentane.

Sjå au endre

Kjelder endre