Burgassjøen (Бургаско езеро) eller Vajasjøen (езеро Вая) er ein innsjø nær Svartehavet like vest for byen Burgas, og den største naturlege innsjøen i Bulgaria med eit areal på 27,60 km², ei lengd på 9,6 km og ei breidd på 2,5 til 5 km. Han er opp til 1,3 m djup.

Burgassjøen
innsjø
Burgassjøen
Land  Bulgaria
Lengd 9,6 km
Breidd 2,5–5 km
Areal 27,60 km²
Største djupn 1,3 m
Koordinatar 42.503° N 27.396° E
Byar Burgas
Kart
Burgassjøen
42°30′N 27°24′E / 42.5°N 27.4°E / 42.5; 27.4
Wikimedia Commons: Lake Burgas

Innsjøen inneheld relativt lite salt samanlikna med enkelte andre av Burgassjøane (om lag 4-11 %), og har eit stort mangfald av dyreartar, inkludert 60 fiskeartar, 60 typar virvellause dyr og 254 fugleartar (der 61 av dei er utryddingstrua i Bulgaria)

Tidlegare var innsjøen eit viktig fiskeområde, men etter at ein oppretta eit petrokjemisk anlegg i nærleiken forsvann mykje av fisken. Dei siste åra har derimot forureinga vorte mindre og dyrelivet har teke seg opp att.

Neftochimrafineriet sett frå andre sida av innsjøen

Kjelder endre

  • Michev, Nikolay; Tsvetko Mihaylov, Ivan Vaptsarov, Svetlin Kiradzhiev (1980). Geographical dictionary of Bulgaria. Sofia: Nauka i izkustvo.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Burgassjøen