Burgdorf (fransk Berthoud) er den største byen i Emmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 15 374 innbyggjarar (2010) og eit areal på 16 km². Kommunesenteret ligg 533 meter over havet. Han var hovudstad i distriktet med same namn fram til 2010, då han vart ein del av det nye distriktet Emmental.[1]

Burgdorf
Slottet Burgdorf frå 1175
Slottet Burgdorf frå 1175
Slottet Burgdorf frå 1175
Kommunevåpenet til Burgdorf
Kommunevåpenet til Burgdorf


Plassering
Burgdorf i Bern is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Emmental
Språk tysk
Borgarmeister Elisabeth Zäch
Geografi
Flatevidd
 - kommune

15,61 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

15 374
  984,9 /km²
Koordinatar 47°03′0″N 7°37′0″E / 47.05000°N 7.61667°E / 47.05000; 7.61667
Høgd over havet 533 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3400
Nettstad: www.burgdorf.ch

Bysoge endre

Borga, som byen har namn etter, vert nemnd første gongen i 1130. Ved borga danna det seg eit samfunn som var i snøgg vekst. År 1273 vart dei første bylovene for Burgdorf nedskrivne, dei såkalla Goldene Handfeste.[2]

Frå 1384 vart Burgdorf underlagd byen Bern.

Mellom 1800 og 1804 var Johann Heinrich Pestalozzi lærar i Burgdorf. Då utvikla han dei pedagogiske metodane som han publiserte i verket Wie Gertrud ihre Kinder lehrt.

I 1899 kunne ein take i bruk ei jarnvegslinje frå Burgdorf til Thun. Det var den første heilt elektriske jarnvegen av større storleik i Europa.

Kjelder endre

  1. Amtliches Gemeindeverzeichnis der Schweiz, Mutationsmeldungen 2009 / Répertoire officiel des communes de Suisse, Mutations 2009 / Elenco ufficiale dei Comuni della Svizzera, Mutazione 2009 (PDF), Federal Statistical Office, 2009, henta 24. mars 2012 
  2. Ernst Theodor Gaupp: Deutsche Stadtrechte im Mittelalter, mit rechtgeschichtlichen Erläuterungen. Zweiter Band, Breslau 1852, s. 117-142, online.

Bakgrunnsstoff endre

  «Burgdorf». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.