Burnside på New Zealand

Burnside er ein forstad i ChristchurchNew Zealand. Han ligg søraust for Christchurch International Airport. Som dei fleste andre forstadar i Christchurch, har han ingen klårt definerte grenser.

Burnside
by
Land  New Zealand
Region Canterbury
Areal 11 290 km²
Folketal 2 370  (2006[1])
Kart
Burnside på New Zealand
43°29′59″S 172°34′07″E / 43.499855555556°S 172.56865833333°E / -43.499855555556; 172.56865833333
Wikimedia Commons: Burnside, Christchurch

Historie endre

Burnside var opphavleg ein del av ein farm, tilnærma 6,9 km² i areal, som var eigedommen til den tidlege nybyggjaren William Boag, som kom til staden i 1851 frå Perthshire. Han vart oppkalla etter dei små bekkene som danna kjelda til Waimairi Stream.[2][3] Namnet «Burnside» vart offisielt gjeve til staden av Waimairi County Council i 1959.[4]

Gjennom dei første eit hundre åra med europeisk busetjing var området kring Burnside jordbruksland med sauer, kveg og hagebruk som dominerande næringar.

Forstad endre

I Burnside ligg ein sentral park (Burnside Park), og dei to sentrale gatene er Memorial Avenue og Greers Road. Her ligg også ein mindre park (Jellie Park) overfor Burnside High School ved Greers Road.

Kjelder endre

  1. QuickStats About a Place Statistics New Zealand
  2. «Bryndwr and Burnside». Christchurch City Libraries. Henta 8. februar 2012. 
  3. A.W. Reed (2010). Peter Dowling, red. Place Names of New Zealand. Rosedale, North Shore: Raupo. s. 64. ISBN 9780143204107. 
  4. Harper, Margaret (2011). «Christchurch Place Names» (PDF). Christchurch City Libraries. s. 36. Henta 8. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff endre