Burt Lancaster

amerikansk skodespelar

Burt Lancaster, fødd Burton Stephen Lancaster, (2. november 191320. oktober 1994) var ein amerikansk filmskodespelar og produsent. Gjennom ein 45 år lang karriere i film og fjernsyn vann han ein oscarpris som beste mannlege skodespelar (og fekk fire nominasjonar), to BAFTA-prisar og ein Golden Globe.

Burt Lancaster

Statsborgarskap USA
Fødd 2. november 1913
New York by
Død

20. oktober 1994 (80 år)
Los Angeles

Yrke filmprodusent, manusforfattar, filmskodespelar, filmregissør, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, sirkusartist, skodespelar, akrobat
Språk engelsk
Høgd 185 centimeter
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Religion ateisme, ikke-praktiserende katolikk
Ektefelle Norma Anderson
Burt Lancaster på Commons
Burt Lancaster i filmen Gunfight at the OK Corall (1957)

Lancaster opptredde som sirkusakrobat på 1930-talet. Etter å ha tent i militæret under andre verdskrigen fekk han som 32-åring ei rolle i eit skodespel på Broadway og blei oppdaga av ein agent frå Hollywood agent. Han fekk eit gjennombrot med The Killers i 1946, ein film noir der han spelte mot Ava Gardner. I 1953 spelte Lancaster elskaren til Deborah Kerr i det militære dramaet From Here to Eternity. I 1956 spelte han i The Rainmaker mot Katharine Hepburn, og i Gunfight at the O.K. Corral frå 1957 mot ein Kirk Douglas, som han kom til å opptre mykje i lag med.

Kjelder endre

  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.