Bury St. Edmunds er ein by i Suffolk i England. Han er administrasjonssenter for distriktet St. Edmundsbury.

Bury St. Edmunds

Guildhall i Bury St. Edmunds
Guildhall i Bury St. Edmunds
Guildhall i Bury St. Edmunds
Plassering
Bury St. Edmunds is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Suffolk
Distrikt St. Edmundsbury
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

35 015
Koordinatar 52°15′N 0°43′E / 52.250°N 0.717°E / 52.250; 0.717
Diverse annan informasjon
Postnummer IP28–IP33
Telefon-retningsnummer 0 1284
Commons har multimedium som gjeld: Bury St. Edmunds

Byen er mest kjend for ruinane av St. Edmunds Abbey. Han har sitt noko uvanleg namn etter Edmund Martyren, som i 870 fall i slaget ved Hoxne og vart gravlagt (buried) i abbediet. Byen voks opp rundt abbediet, som vart eit pilegrimsmål; Edmund var ikkje berre ein helgen, men òg den siste angelsaksiske kongen av East Anglia.

I 1214 samla dei engelske baronane seg i Bury St. Edmunds, der dei i kyrkja svor på at dei ville presse kong Johan til å skrive under eit fridomscharter, seinare kjent som Magna Carta.

1300-talet oppstod ein stor tekstilindustri i byen. Abbediet vart for det meste øydelagt under oppløysinga av klostra1500-talet, men byen var då stor nok til å klare seg utan tilstrøyminga av pilegrimar. Ved den industrielle revolusjonen var byen for avsidesliggande til å nyte godt av den raske utviklinga, og han opplevde difor ein tilbakegang. Han er som følgje av dette i dag enno ein gammaldags marknadsby.

Ved sida av abbediet ligg Bury St. Edmunds-katedralen, som vart reist så seint som i 1913. Han vart utvida i 1960-åra, og eit nytt tårn i nygotisk stil stod ferdig i 2005.

I hagen til abbediet vart det i slutten av 1990-åra installert ein internettbenk, der kven som helst kan plugge inn ei berbar datamaskin og kople seg opp til internett. Dette var den første parkbenken i verda med internettilknytning; seinare har fleire kome til på andre stader. I den første veka oppdaga to tenåringar at det var mogleg å ringe gratis frå han, eit problem dei kontakta Bill Gates om. Ein annan premiere i byen var den første vegskilt i Storbritannia med indre belysning. Sidan det ikkje følgjer standarden, måtte det gjevast spesialløyve til å setje det opp.

Byen sin Theatre Royal er sentralt i kulturlivet. Det er òg ein stor kulturfestival i mai kvart år. Ein av pubane som hevdar å vere den minste i Storbritannia, The Nutshell («Nøtteskalet») ligg i byen. Om den verkeleg er den minste avheng av korleis ein mæler.

Green King Brewery er kjent for sitt India Pale Ale og sitt sterke Abbot Ale.

Kjelder endre