Bushel er eit målekar for tørre varer og svarar til ein norsk fjerding (ei fjerdedels korntønne eller skjeppe). Det er ei britisk og amerikansk måleining for volum med symbol bu, som frå gammalt av var lik 8 gallon. I Storbritannia i dag vert ein imperial bushel rekna for å vere lik 36,37 liter. I USA, Canada og Britisk Vestindia nytta ein Winchester bushel som er lik 35,24 liter.

Målekar for ein standard bushel frå Queensland.
Samanlikning av ulike målekar

Ved notering av kornpriser i Nord-Amerika reknar ein for kveite 1 bu = 60 pound (lb) = 27,2 kg, for rug og mais = 56 lb, for bygg = 48 lb og for havre = 32 lb.

Namnet kjem frå gammalfransk boisseau. Ein fransk boisseau er lik 13 liter og ein belgisk er lik 15 liter.

Kjelder endre