Byar i Luxembourg

Wikimedia-listeartikkel

Det er tolv byar i Luxembourg, som fastsett i den luxembourgske grunnlova. Trass i at dei har status som byar er dei ikkje nødvendigvis samanhengande urbaniserte område. Dei er meir som dei andre kommunane, men har fått ein annan lovleg status. Historisk er dette byar som fekk byrettar, men byrettane i dag vert gjeve og regulerte ut frå lova.

Byane i Luxembourg merkte med farge mellom alle dei andre kommunane i landet.

I moderne tider vart dei første byrettane gjeve 24. februar 1843, då sju av åtte byar som tidlegare hadde hatt byrettar fekk statusen stadfesta (Clervaux vart ikkje verande by). Desse var Luxembourg by, Diekirch, Grevenmacher, Echternach, Wiltz, Vianden og Remich.[1]

I over seksti år vart det ikkje lagt til fleire byar, men den store demografiske endringa på slutten av 1800-talet gjorde at ein måtte ha fleire endringar. Så 29. mai 1906 fekk òg Esch-sur-Alzette bystatus.[2] Esch vart etterfølgd av Differdange, Dudelange, Ettelbruck og Rumelange 4. august 1907.[3] Eit område i kommunen Hollerich fekk bystatus 7. april 1914 med namnet 'Hollerich-Bonnevoie'[4], men han vart slått saman med Luxembourg by 26. mars 1920.[5]

Namn Kanton Distrikt Areal
(km²)
Folketal
(2005)
Bystatus sidan
Diekirch
Dikrech
Diekirch Diekirch 12,42 6 165 24. februar 1843
Differdange
Déifferdeng
Esch-sur-Alzette Luxembourg 22,18 19 005 4. august 1907
Dudelange
Diddeleng
Esch-sur-Alzette Luxembourg 21,38 17 618 4. august 1907
Echternach
Iechternach
Echternach Grevenmacher 20,49 4 507 24. februar 1843
Esch-sur-Alzette
Esch-Uelzecht
Esch-sur-Alzette Luxembourg 14,35 28 000 29. mai 1906
Ettelbruck
Ettelbréck
Diekirch Diekirch 15,18 7 364 4. august 1907
Grevenmacher
Gréiwemaacher
Grevenmacher Grevenmacher 16,48 3 966 24. februar 1843
Luxembourg City
Lëtzebuerg
Luxembourg Luxembourg 51,46 76 420 24. februar 1843
Remich
Réimech
Remich Grevenmacher 5,29 2 986 24. februar 1843
Rumelange
Rëmeleng
Esch-sur-Alzette Luxembourg 6,83 4 495 4. august 1907
Vianden
Veianen
Vianden Diekirch 9,67 1 561 24. februar 1843
Wiltz
Wolz
Wiltz Diekirch 19,37 4 587 24. februar 1843

Fotnotar endre

  1. «Mémorial A, 1843, No. 17» (PDF). Service central de législation. Henta 7. september 2006. 
  2. «Mémorial A, 1906, No. 34» (PDF). Service central de législation. Henta 7. september 2006. 
  3. «Mémorial A, 1907, No. 42» (PDF). Service central de législation. Henta 7. september 2006. 
  4. «Mémorial A, 1914, No. 18» (PDF). Service central de législation. Henta 6. oktober 2006. 
  5. «Mémorial A, 1920, No. 23» (PDF). Service central de législation. Henta 21. desember 2006. 

Kjelder endre