Ein bydel er ein del av ein by. Ein kan skilje mellem administrative bydelar og funksjonelle bydelar. Dei fleste storbyer har fleire funsjonelle bydelar og ein grad av lokal administrasjon for nokre av bydelane.

Administrative bydelar endre

Bydelar kan ha offisiell status og ei lokal forvalting, kanskje også eit byråd eller bydelsråd. Eksempelvis er København administrativt delt i 18 kommunar, og den folkerikaste av desse (Københavns kommune) er dessutan inndelt i 10 bydelar, kvar med sitt eige lokalutval. Paris er delt opp i 20 arrondissement som har kvar sitt lokale bystyre og borgarmeister. I Noreg er det berre Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger som vert delt inn i administrativebydelar.[1]

Funksjonelle bydelar endre

Både store og små byar vil i byplanlegginga dele landområdet inn i ulike bydelar, sjølv om det ikkje er utbygd nokon administrasjon for kvar av bydelane. Ofte vil desse bydelane ha ulik funksjon - som parkområde, bustadområde eller industriområde.

Referansar endre