Cebu er ein by på øya Cebu i Filippinane. Byen, som ligg på austkysten av øya, er hovudstad i provinsen Cebu. I fylgje folketeljinga i 2010 budde meir enn 866 000 menneske i byen.

Cebu
cebuansk Dakbayan sa Sugbo
tagalog Lungsod ng Cebu
Land  Filippinane
Areal 315,00 km²
Folketal 964 169 (1. mai 2020)[1]
Kart
Byen Cebu
10°17′35″N 123°54′07″E / 10.293°N 123.902°E / 10.293; 123.902
Wikimedia Commons: Cebu City

Byen Cebu er den dominerande skipsfartsbyen i Filippinane, om lag 4/5-delar av dei store reiarlaga held til her. Den store hamna er trafikk- og handelsknutepunkt for ein stor part av landsdelen Visayas.

På jordomseglinga si nådde Fernão de Magalhães og mannskapet hans Cebu den 7. juli 1521. Nokre veker seinare fall han i eit slag på øya Macatan, like ved Cebu. Spania etablerte ein koloni i Cebu i 1565, den fyrste i sitt slag i Filippinane.

Kjelder endre