Denne artikkelen handlar om byen. For innsjøen, sjå Windermere.

Windermere er ein by i Lake District i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 8000 innbyggjarar. Han ligg om lag 1 km frå innsjøen Windermere,[1][2] den største naturlege innsjøen i England. Han har no vokse saman med den eldre byen Bowness-on-Windermere, som ligg like ved innsjøen, sjølv om kvar by framleis har klare sentrum.

Windermere

Main Road
Main Road
Main Road
Plassering
Byen Windermere is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cumbria
Distrikt South Lakeland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 245
Koordinatar 54°23′N 2°54′W / 54.383°N 2.900°W / 54.383; -2.900
Diverse annan informasjon
Postnummer LA23
Telefon-retningsnummer 0 15394
Commons har multimedium som gjeld: Byen Windermere

Historisk høyrte byen til Westmorland. Byen blei skipa rundt Windermere jernbanestasjon, som blei opna i 1847.[3] Stasjonen ligg på West Coast Main Line, og har avgangar til Oxenholme og til Manchester lufthamn.[4]Windermere Hotel blei bygd i 1849.

Byen ligg nær hovudvegen A591, som går gjennom Lake District frå Kendal til Keswick.

Kjelder endre

  1. http://www.britinfo.net/index_Windermere.htm
  2. http://www.picturesofengland.com/windermere/
  3. Reid, Jim (2011). Tour of the Lake District. Cicerone Press Limited. s. 66. ISBN 978-1-849-65465-4. 
  4. «Train Timetables». Transpennine Express. Arkivert frå originalen 26. mars 2016. Henta 22 January 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Byen Windermere