Bygdeturisme er ferie- og fritidstilbod i bygdene basert på at lokale resursar som menneske, kultur og natur gjev grunnlag for turistopplevingar. Det blir normalt drive i liten skala og i kombinasjon med anna verksemd, ofte jordbruk.

Tilbod som bondegardsferie, servering av lokale matretter, jakt og fiske kombinert med andre former for naturoppleving, guida turar og liknande er døme på bygdeturisme.

Kjelder endre

«bygdeturisme» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre