Byllepest er den vanlegaste forma for pest[1] og har stått bak fleire epidemiar og pandemiar gjennom historia. Svartedauden1300-talet var sannsynlegvis ein byllepestpandemi. I dag er sjukdommen lite utbreidd, men finst framleis i nokre område.

Eit par med byllepest frå Toggenburgbibelen.

Infeksjonssjukdommen er forårsaka av bakterien Yersinia pestis og er kjenneteikna av lymfeknutar som hovnar opp til store, væskefylte byllar. Desse kan det gå koldbrann i slik at dei får ein blåsvart farge. Same bakterien kan òg føra til lungepest (lungebetennelse) eller blodforgifting (sepsis) ved at dei spreier seg i kroppen med blodet. I nokre høve kan dei også føra til hjernehinnebetennelse (meningitt).[1]

Byllepest vert spreidd til menneske med lopper frå gnagarar og rotter. Byllepest hadde, slik han arta seg i seinmellomalderen, ein letalitet på 50-60 %.[2] I moderne tid har sjukdommen ein letalitet på 30-60 %. Byllepest kan behandlast med antibiotika, og tidleg behandling gjev betre prognosar.[3]

Frå 2010 til 2015 blei det rapportert om 3 248 tilfelle av pest i heile verda. 584 av dei førte til dødsfall. I dag er sjukdommen vanlegast i Afrika, og mest endemisk i Den demokratiske republikken Kongo og på Madagaskar. Han finst også i Peru.[3]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Myrvang, Bjørn (19. juli 2019). «pest». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Kåre Lunden i Det Norske Samlaget (2002): Norges landbrukshistorie ISBN 82-521-5584-7 (band II)
  3. 3,0 3,1 «Plague», www.who.int (på engelsk), henta 3. april 2020 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.