Byråd er det utøvande organet i bykommunar som blir styrte etter prinsippet om byparlamentarisme. I Noreg er det Oslo, Bergen og Tromsø som blir styrte av byråd. Eit byråd blir leia av ein byrådsleiar, og har byrådsmedlemmer med ansvar for ulike fagfelt. Eit byråd står ansvarleg overfor bystyret, og bystyret kan felle det gjennom eit mistillitsframlegg eller ved å stille eit kabinettspørsmål. Byrådet skal normalt ha fleirtal, anten det, som i Bergen, er snakk om eit positivt fleirtal eller, som i Oslo, eit negativt fleirtal, i bystyret. Medlemmene av byråda i Noreg treng ikkje vere medlemmer av bystyret, og bystyremedlemmer som blir tatt med i byrådet må tre ut av bystyret.

Sjå også endre