Den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking (fransk: Organisation Européenne pour la Recherche Nucléaire) eller CERN er verdas største forskingssenter for partikkelfysikk. Senteret ligg på grensa mellom Sveits og Frankrike, størstedelen ligg i byen Meyrin på den sveitsiske sida av landegrensa. Den internasjonale flyplassen ved Genève ligg tre km aust for Meyrin.

CERN


Vue aérienne du CERN. Sjå dette på Wikidata
Skipa29. september 1954
HovudkontorPrévessin-Moëns, Meyrin
LandSveits, Frankrike
StyreleiarUrsula Bassler (1. januar 2019)[1]
Dagleg leiarFabiola Gianotti, Rolf-Dieter Heuer, Robert Aymar, Luciano Maiani, Christopher Llewellyn Smith, Carlo Rubbia, Herwig Franz Schopper, Leon van Hove, John Adams, John Adams, Willibald Jentschke, Bernard Paul Gregory, Victor Weisskopf, John Adams, Cornelis Jan Bakker, Edoardo Amaldi
Nettstadhttps://home.cern (engelsk), https://home.cern/fr (fransk)
CERN-området sett frå Sveits mot Frankrike.

CERN er ein internasjonal forskingsorganisasjon, ikkje eit sveitsisk institutt. Hovudbygningen til CERN er laga av for det meste kvit murstein.

Historie endre

Avtalen om å etablere CERN vart skriven under 29 september 1954 av 12 land. I dag (2008) er det 20 medlemsland.

Det opphavlege namnet var Conseil Européen pour la Recherche Nucléaire, forkorta CERN. 1954 bytte ein namn til Organisation Européenne pour la Recherche Nucléaire, men heldt på den gamle forkortinga.

Verksemd endre

CERN er det leiande aboratoriet i verda for høgenergifysikk og verdas største laboratorium for forsking på partikkelfysikk.

CERN har bygt ei rekkje stadig større akseleratorar fram gjennom åra. Fleire av dei er framleis i drift, medan andre er lagde ned. CERN har utvikla verdas største partikkelakselerator, Large Hadron Collider (LHC), og eksperiment med denne partikkelakeratoren starta i september 2008. Der studerer ein dei minste delane i materien for blant anna å freiste å forstå korleis universet vart skapt og kva for grunnleggjande krefter som styrer verda.

Personale endre

CERN har kring 2 600 heiltidstilsette. Om lag 8 000 forskarar og ingeniørar (som representerer 500 universitet og 80 nasjonalitetar), arbeider med eksperiment som vert gjennomførte ved CERN.

Medlemslanda betaler om lag 1 076 millionar sveitsarfrank til CERN kvart år.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: CERN