Caen

kommune i Frankrike

Caen er ein by nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Calvados i regionen Normandie. Byen har eit folketal på om lag 115 000, medan storbyområdet har om lag 199 490 innbyggjarar. Caen ligg 15 km frå Den engelske kanalen.

Caen
Abbaye aux Hommes i 2004
Abbaye aux Hommes i 2004
Abbaye aux Hommes i 2004
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Normandie
Calvados
Geografi
Flatevidd 25,7 km²
Flatevidd
 - By

25,7 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

113 987
  4 435/km²
199 490
Koordinatar 49°10′59″N 00°22′10″W / 49.18306°N 0.36944°W / 49.18306; -0.36944
Høgd over havet 8 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: http://www.ville-caen.fr/
Plassering

Caen er kjend for sine historiske bygningar som vart bygd då Vilhelm I av England regjerte her. Han vart òg gravlagd her. Byen er òg kjend for Slaget ved Caen, kraftige kampar som fann stad i og rundt Caen under Operasjon Overlord i 1944 og som øydela store delar av byen.

Historie endre

Nesten nøyaktig 600 år før byen vart lagd i ruinar i 1944, vart han på liknande måte øydelagd av krig, då den engelske kongen Edvard III av England i 1346 førte sin hær mot byen i håp om å plyndre han. På denne tida var Caen den rikaste byen i Normandie. 26. juli storma troppane hans byen og plyndra han, noko som kosta 3 000 innbyggjarar livet og medførte at store delar av handelskvarteret i byen brann ned. Berre borga stod att då engelskmenna få dagar seinare marsjerte mot aust og sigra i slaget ved Crecy.

 
Caen etter krigshandlingane under andre verdskrig

Under slaget om Normandie i den andre verdskrigen var det intense og bitre kampar i og omkring Caen mellom allierte styrkar og nazistane. Etter landsetjinga av det britiske 1. korpsSword Beach den 6. juni 1944, gjekk framdrifta deira i stå utanfor Caen. Britiske og kanadiske troppar braut til slutt gjennom den 9. juli etter å ha kasta tusenvis av bomber under Operasjon Charnwood. Bombekastarane øydela store delar av byen, men gjorde sitt til at dei allierte kunne innta den vestlege delen av byen, ein månad etter planen som var utarbeida av Montgomery. Under slaget søkte mange av innbyggjarane i byen tilflukt i Abbaye aux Hommes, som var bygd av Vilhelm Erobraren 800 år tidlegare.

Gjennoppbygginga etter krigen tok 14 år (1948-1962) og førte til bygningane og byplanen som i dag finst i Caen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Caen