48°51′15″N 2°19′57.5″E / 48.85417°N 2.332639°E / 48.85417; 2.332639

Terrassen på Café de Flore

Café de Flore er ein kafé ved Saint-Germain-des-Prés i 6. arrondissement i Paris. Kaféen ligg på hjørnet av boulevard Saint-Germain og rue Saint-Benoît.

Kaféen opna i 1887 og er kalla opp etter ein skulptur av gudinna Flora på den andre sida av gata. På slutten av 1800-talet budde Charles Maurras i andre etasje der han laga boka Au signe de Flore.

Interiøret er i klassisk art deco-stil med raude stolar, mahogni og speglar. Det har nesten ikkje vore endra sidan andre verdskrigen. Som hos konkurrenten og naboen, Les Deux Magots, har dette vore ein møteplass for intellektuelle etter krigen, mellom dei Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir som møttest her for å diskutere sin eksistensialismefilosofi.

Café de Flore har vore møteplassen for kunstanarar og forfattarar som danna surrealist-rørsla, eksistensialistar som Albert Camus og seinare filmskaparane som skapte den franske nye bølgja.

Kvar september deler dei ut prisen Prix de Flore til ein ung forfattar for å trekke vedkommande fram i lyset. Prisen vart innstifta i 1994 av forfattaren Frédéric Beigbeder.

Han ligg nær metrostasjonen Saint-Germain-des-Prés.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur

  • Christophe Durand-Boubal, Café de Flore : Mémoire d'un siècle, Indigo & Côté femmes, coll. « Prémices », Paris, 1993, 174 p. ISBN 2-907883-66-6
  • Christophe Boubal, Café de Flore : L'esprit d'un siècle, Fernand Lanore, coll. « Littératures », 2004, 204 p. ISBN 2-85157-251-2