Cajamarca by ligg i det nordlege høgland i Peru og er hovudstaden i Cajamarca-regionen. Byen ligg på ca. 2700 moh., og folkesetnaden er på kring 100 000 menneske. Klimaet i området er ekvatorialt, så det er mildt, tørt og mykje sol. Jorda er fruktbar og området er godt kjent for meieriprodukt og ein fin ost. Turistar kjem til byen for å oppleve dei varme kjeldene også kalla inkabadet, og for å sjå katedralen. Det finst fleire gruveverksemder i drift i nærområda. Men framføre alt minnest peruanarane Cajamarca som den staden der inkariket fekk sin bane med slaget i Cajamarca og kor den siste inka, Atahualpa vart avretta.

Cajamarca, med Santa Appollonia-haugen i forgrunnen. Foto: J. Stander

Historie endre

Cajamarca har ei historie meir enn 3000 år attende. Ein kan observere spor av pre-Chavín-kulturar på arkeologiske stader i nærleiken, så som Cumbe Mayo og Kuntur Wasi. I perioden frå år 1463 til 1471, erobra Túpac Yupanqui regionen og fekk Cajamarca inn i Tawantinsuyu, eller inkariket, i den tida då faren Pachacútec regjerte riket frå Cuzco.

Sjå òg endre