Calais (nederlandsk Kales) er ein hamneby ved Den engelske kanalen i Frankrike med om lag 75 000 innbyggjarar. Storbyområdet hadde i 1999 etter ei folketeljing 125 584 innbyggjarar. Han ligg i departementet Pas-de-Calais, der han er sous-préfecture (underprefektur).

Calais
Horisonten til Calais
Horisonten til Calais
Flagget til Calais Byvåpenet til Calais
Flagget til Calais
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Hauts-de-France
Pas-de-Calais
Geografi
Flatevidd 33,5 km²
Flatevidd
 - By

33,50 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

77 333
  2 308/km²
125 584
Koordinatar 50°57′10″N 01°51′32″E / 50.95278°N 1.85889°E / 50.95278; 1.85889
Høgd over havet 0, 18 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-calais.fr
Plassering
Plassering av Calais
Plassering av Calais

Han er den byen i Frankrike som ligg nærast England, og avstanden over til Dover er berre 34 km. På ein klår dag kan ein sjå dei kvite klippene i Dover. Byen har tidlegare høyrt til engelskmennene, då han vart erobra av Kong Edvard III av England i 1347, etter ei omleiring som hadde vart i heile 11 månadar. Calais var engelsk heilt fram til 1558, då franskmennene erobra byen tilbake.

Byen vart sterkt øydelagt i løpet av den andre verdskrigen, og berre den eldste delen av byen er restaurert. Denne eldste delen av byen ligg på ei kunstig øy omringa av kanalar og hamner. Den moderne delen av byen, St. Pierre, ligg i sør og søraust. Ein større tysk bunker er no krigsmuseum.

Calais er no eit knutepunkt for fleire av kanalferjene, mellom anna Hovercraft-fartøya (luftputebåtar, slutt 2000) mellom England og Frankrike, i tillegg til å vere i enden av tunnelen under Den engelske kanalen (som franskmennene kallar la Manche, 'ermet').

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Calais