Calbuco er ein stratovulkan sør i Chile, som ligg søraust for Llanquihuesjøen og nordvest for Chaposjøen i Los Lagos-regionen. Vulkanen og det kringliggande området ligg i Llanquihue nasjonalreservat. Vulkanen er ein særs eksplosiv andesittvulkan som kollapsa seint i pleistocen og skapte eit ras som nådde innsjøen.

Calbuco
vulkan
Calbuco frå nord langs veg 225 ved breidda av Llanquihuesjøen. (11. feb. 2010)
Land  Chile
Region Los Lagos
Del av vulkan
Fjellkjede Andes
Høgd 2 015 moh.
Primærfaktor 1 946 m
Koordinatar 41°19′48″S 72°37′06″W / 41.33000°S 72.61833°W / -41.33000; -72.61833
Geologi Pleistocen
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot 1972
Kart
Calbuco
41°19′58″S 72°36′40″W / 41.332777777778°S 72.611111111111°W / -41.332777777778; -72.611111111111
Wikimedia Commons: Calbuco Volcano

Vulkanaktivitet endre

Calbuco har hatt minst ni utbrot sidan 1837 og det siste kom i 1972. Eit av dei største vulkanutbrota i sørlege Chile fann stad her i 1893–1894. Kraftige utbrot sende 30 cm store bomber ut opp til 8 km unna krateret, i lag med store mengder varme laharar. Kraftige eksplosjonar skjedde i april 1917 og ein lavadom oppstod i krateret i lag med varme laharar. Eit anna kort utbrot fann stad i januar 1929 med ein pyroklastisk straum og lavastraumar. Det siste store utbrotet skjedde i 1961 og sende ei oskesøyle 12–15 km opp i lufta og spreidde seg søraustover i lag med to lavastraumar. Det var eit lite, fire timar langt utbrot den 26. august 1972. Kraftige fumaroler vart sett ved hovudkrateret den 12. august 1996.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre