Campania er ein av tjue regionar sør i Italia. Han grensar til Lazio i nordvest, Abruzzo og Molise i nord, Puglia i nordaust og Basilicata i aust og Tyrrenhavet i vest. Regionen har eit areal på 13 671 km² og 5,8 millionar innbyggjarar.

Campania
region
Flagg
Land  Italia
Hovudstad Napoli
Areal 13 670,95 km²
Folketal 5 786 373 (2019)
Kart
Campania
40°54′38″N 14°55′14″E / 40.910555555556°N 14.920555555556°E / 40.910555555556; 14.920555555556
Wikimedia Commons: Campania

Namnet kjem frå latin og vart av romarane kalla Campania felix, eit namn som òg vart nytta om den franske provinsen Champagne.

Av turistattraksjonar er Sibylgrotta i Cumae, det greske tempelet i Paestum, dei romerske ruinane i Pompeii og Herculaneum, vulkanen Vesuv, Campi Flegrei, Amalfikysten (Costiera Amalfitana) , Sorrentinahalvøya (Penisola Sorrentina) og øyane Capri, Ischia og Procida.

Geografi endre

 

Campania er delt inn i fem provinsar:

Historie endre

Campania var ein del av Magna Graecia, den greske kolonien sør i Italia. Den første greske kolonien vart grunnlagd ved Cumae, nord for dagens Napoli på 700-talet fvt.. Etruskarar og samnittar var pressa bort då Den romerske republikken utvida områda sine.

 
Napoli.

I 217 fvt. gjekk Hannibal inn i Campania under den andre punarkrigen og brann avlingane i det frodige låglandet. Med det håpa han å provosere den romerske kommandøren Fabius Maximus Cunctator ut i kamp. Hannibal klarte ikkje lure Fabius og heller ikkje å svekke den romerske prestisjen så pass mykje at nokre av dei campanianske byane gjorde opprør. I 216 fvt., etter Hannibal sin siger i slaget ved Cannae, valka Capua den førande byen i Campania. Først kravde dei å verte likestilt med Roma og at ein av dei romerske konsulane skulle veljast frå Capua. Då Roma avslo dette opna dei forhandlingar med Hannibal som var meir enn villig til å gje dei sjølvstende dei ønska. Dette påverka derimot ikkje dei andre byane i Campania og då Hannibal var andre stader klarte romarane til slutt å byggje omleiringsutstyr rundt byen. Då Hannibal ikkje klarte å bryte omleiringa, svalt Capua slik at dei til slutt underkasta seg romarane i 211 fvt..

Campania var kornlaget til Roma fram til dei erobra Egypt, og dette førte til at husmannsplassar i Campania vart omforma til dei karakteristiske latifundia, som varte fram til moderne tider. Gotarar og austromarar kjempa om kontroll over området på 400- og 500-talet, etterfølgt av langobardar, som oppretta Hertugdømet Benevento. Normannarane (Robert Guiscard) erobra og samla Campania på nytt på 1000- og 1100-talet, tok det sørlege Italia frå austromarane og oppretta Kongedømet Sicilia. Etter at Hohenstaufen var i stird med Kyrkjestaten gjekk kongedømet til Karl av Anjou. Han tapte Sicilia i 1282 og landområda hans på fastlandet vart Kongedømet Napoli. Dette vart sameina med Sicilia igjen av Alfonso V av Aragon (1442), som titulerte seg sjølv Konge av Begge Siciliar, ein tittel som vart tatt i bruk igjen under den spanske perioden (1504–1713). Huset Bourbon følgde etter i 1713 og fram til samlinga av Italia var Campania ein del av det bourbonske Kongedømet Begge Siciliar.

Demografi endre

Byar i Campania med meir enn 50 000 innbyggjarar:

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Napoli 1 004 500
Salerno 138 188
Giugliano 97 999
Torre del Greco 90 607
Casoria 81 888
Pozzuoli 78 754
Caserta 75 208
Castellammare di Stabia 66 929
Afragola 62 319
Benevento 61 791
Portici 60 218
Marano di Napoli 57 448
Ercolano 56 738
Aversa 53 369
Avellino 52 703
Cava de' Tirreni 52 616
San Giorgio a Cremano 50 763
Battipaglia 50 359

Det campanianske kjøkenet endre

Pizza slik med kjennar han i dag har sitt opphav i Napoli. Den historiske og originale pizzaen frå Napoli er pizza fritta (steikt pizza), anten fylt eller ikkje med ricottaost, kalla Calzone om han er fylt, pizza Marinara med berre olivenolje, tomatsaus og kvitlauk, og pizza Margherita med olivenolje, tomatsaus, mozzarella og nok basilikum.

Spaghetti er òg ein annan verdskjend rett frå Sør-Italia og Campania. Napolitanarane var av dei første europearane som nytta tomater til matlaging og ikkje berre til pynt.

Campania er òg heimstaden til vinane Lacryma Christi, Fiano, Aglianico, Greco di Tufo, Pere 'e palomma, Ischitano, Taburno, Solopaca og Taurasi.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Campania
  Reiseguide for Campania frå Wikivoyage