Campo Imperatore er eit fjellplatå i provinsen L'Aquila i Abruzzo i Italia, som er ein del av Gran Sasso-massivet. Det er det største platået i Appenninane. I Italia vert platået kalla «Litle Tibet» og platået har eit tektonisk opphav som er ei elveslette forma av isbrear. Campo Imperatore er eit naturreservat som er ein del av Gran Sasso e Monti della Laga nasjonalpark. Platået er 27 km langt og om lag 8 km breitt og ligg ved den høgaste toppen i Appenninane, Corno Grande, og den sørlegaste isbreen i Europa, Calderonebreen. I tillegg ligg Monte Prena, Monte Aquila og Camiciafjella i nord og Monte Scindarella, Mesola og Monte Bolza i sør.

Campo Imperatore
fjell
Land  Italia
Kart
Campo Imperatore
42°26′37″N 13°33′30″E / 42.443698°N 13.558333°E / 42.443698; 13.558333
Wikimedia Commons: Campo Imperatore
Campo Imperatore-observatoriet

Platået har ei høgd på mellom 1 500 til 1 900 meter over havet og dekkjer eit areal på om lag 80 km².

På Campo Imperatore ligg det eldste skisenteret i Italia, som byrja med kommersiell drift i 1920-åra og som framleis er ein populær skistad i dag på grunn av nærleiken til Roma (132 km unna). Senteret vart fengsel for Benito Mussolini i august 1943 då han vart fråtatt makta fram til han vart redda av tyske kommandosoldatar i september 1943.

Blomar (Gentiana lutea) på Campo Imperatore om våren
Kyr som beiter på Campo Imperatore nedanfor Corno Grande seint på sommaren

På sørsida av Campo Imperatore ligg mellomalderbyen Castel Del Monte, som ein gong vart styrt av Medicifamilien og Santo Stefano di Sessanio, i tillegg til ruinane av ei av dei høgastliggande festningane i Europa, Rocca Calascio. Om våren, sommaren og hausten har sauegjetarar frå nabolandsbyane sauer, «halvville» hestar og kyr på platået. Beitemarkene er dekte av grassletter og store enger med ville blomar. Her ligg òg den ein botanisk hage som vart grunnlagd i 1952 der ein studerer meir enn 300 fjellplanter, inkludert sjeldne og utryddingstrua artar som Vaccinium gaultherioides, gul bittersøte, (Gentiana lutea), edelweiss (Leontopodium nivale) og Adonis distorta. Av dyreliv på Campo Imperatore finn ein ulv, villkatt og gemse, som nesten er utrydda frå området. I tillegg finn ein villsvin, rev, snok og fuglar som kongeørn og vandrefalk.

På platået ligg òg Campo Imperatore Near-Earth Objects Survey (CINEOS), eit observatorium bygd i 1951.

Campo Imperatore har vore ein populær stad for filmmakarar, og meir enn tjue store filmar har vorte filma her, som Rosens Navn, Ladyhawke, Il sole anche di notte, og L'Armata ritorna.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Campo Imperatore