Candelaria er ein by sør på øya Tenerife, ei av Kanariøyane i Spania. Han ligg 20 km frå Santa Cruz de Tenerife, hovudstaden på øya. Byen har kring 25 140 innbyggjarar og er et religiøst sentrum og pilegrimsmål for katolikkar frå alle Kanariøyane. Jomfrua av Candelaria (på spansk Virgen de la Candelaria) er vernehelgen for øyane og er knytt til kyrkjebygget Basilica de Nuestra Señora de la Candelaria. Det er årleg to høgtider der ein feirar jomfrua; 2. februar og 14-15. august, der den siste er den mest fargesprakande med tilreisande frå alle kanariske øyane.

Candelaria

Basilica de Candelaria endre

 
Basílica de Candelaria

Jomfrua av Candelaria er vernehelgen for Kanariøyane. Basilikaen vigd henne, Basílica y Real Santuario Mariano de Nuestra Señora de la Candelaria eller kortare Basílica de la Candelaria, ligg i Candelaria og stod ferdig i 1959. Dette er ei av dei største kyrkjene i heile Spania, med plass til 5 000 menneske. Den 24. januar 2011 gav pave Benedikt XVI henne offisielt tildelt tittelen «Minor Basilica».

Bakgrunnsstoff endre