Canterbury Plains

Slettelandskapet Canterbury Plains er eit område på New Zealand sør for byen Christchurch i regionen Canterbury. I nord når slettene fram til foten av åsane Hundalee Hills i Hurunui District, og i sør går dei over i slettene i North Otago på den andre sida av Waitakielva.

Canterbury Plains i Canterbury på New Zealand

Geografi endre

 
Bølgjande sletter på Canterbury Plains.

Canterbury Plains vart danna av moreneavsetjingar i kvartær-tida under istider i den seine pleistocenperioden, for mellom 3 millionar og 10 000 år sidan[1]. Grusmassane vart seinare spreidde i vifteform av fleire av dei større elvene, her i første rekkje Waimakariri, Rakaia, Selwyn og Rangitata. Delar av dei tussokgraskledde slettene er høvelege for moderat intenst husdyrhald, men er utsett for tørke, særleg når den dominerande vindretningen er nordvestleg. I slike periodar førekjem vêrfenomenet kjend som Nor'west arch, ein fønvind, over mykje av slettelandet.

Elver endre

Elvene på Canterbury Plains har eit typisk forgreina løp, og skil på denne måten slettelandet i North Otago frå det sørlege - på den andre sida av Waitaki, der elvene vanlegvis har trongare og meir distinkt forma elveløp, heller enn å breia seg ut i vide, grunne nedsenkingar, som i Canterbury.

Busetnad endre

Dei fleste av innbyggjarane på Canterbury Plains er busette i ei rekkje større eller mindre byar som ligg i nordaustleg til sørvestleg retning over slettene, og som er samanbundne ved riksvegen New Zealand State Highway 1 og jarnvegen Main South railway line. Dette er Christchurch, Ashburton og Timaru, og dei mindre Kaiapoi, Dunsandel, Rakaia, Temuka og Glenavy. Andre mindre byar er Rangiora, Leeston, Lincoln, Darfield, Geraldine, Methven og Waimate.

Fauna endre

Den svært sjeldne snutebilla Karocolens tuberculatus er endemisk på slettene.

Referansar endre

  1. Gage, M., (1969), 'Rocks and Landscape', i The Natural History of Canterbury, redigert av Knox, G. A., Canterbury Branch of the Royal Society of New Zealand, A H & A W Reed, Wellington, side 35.

43°38′S 172°05′E / 43.64°S 172.09°E / -43.64; 172.09