19°45′N 72°12′W / 19.750°N 72.200°W / 19.750; -72.200

Cap-Haïtien
by
Land  Haiti
Areal 53 500 000 km²
Folketal 190 289 (2013)
Kart
Cap-Haïtien
19°45′N 72°12′W / 19.75°N 72.2°W / 19.75; -72.2
Wikimedia Commons: Cap-Haitien
Cap-Haïtien is located in Haiti
Cap-Haïtien avmerkt på Haiti-kartet

Cap-Haïtien (haitisk Okap eller Kap Ayisyen) er ein by på nordkysten av Haiti. Byen hadde i 2005 eit estimert innbyggjartal på 134 815. Han er hovudstaden i departementet Nord. Under kolonitida heitte han «Cap-Français».

Dei sentrale delane av byen ligg mellom Cap-Haïtien-vika i aust og nærliggjande fjellsider i vest. I desse fjellsidene finn ein hovudsakleg brakkebyar. Gatene er generelt sett smale og arrangerte i rutenett.

Den vesle flyplassen rett sørvest for byen vert brukt av ein rekkje små innanriksføretak. Ei internasjonal linje flyg til Fort Lauderdale i Florida.

Den store avstanden til hovudstaden Port-au-Prince i kombinasjon med det dårlege vegnettet har ført til at Cap-Haïtien stadig har vore arnestad for opprør. I februar 2004 vart byen teken over av kuppmakarar som var imot regjeringa under president Jean-Bertrand Aristide, og opprøret førte etter ei tid til at Aristide mista makta.

Galleri endre

Kjelder endre