Cap Gris-Nez

(Omdirigert frå Cap Gris Nez)

Cap Gris-Nez er eit nes på Côte d'Opale i Pas-de-Calais département Nord-Frankrike. Det ligg mellom Wissant og Audresselles i kommunen Audinghen.

Solnedgang ved Cap Gris-Nez
Cap Gris-Nez

Klippene på Cap Griz Nez er det punktet i Frankrike som er nærast England - 34 km frå Dover i England. Dekte av strandnellik og fjærekoll er klippene eit flott utkikkspunkt for å sjå hundrevis av skip frå store oljetankarar til små trålarar i sjøen nedanfor.

På toppen av klippene ligg restane av ein engelsk festning bygd av kong Henrik VIII på byrjinga av 1500-talet. Under den andre verdskrigen bygde tyskarane eit blokkhus inn i ruinane, og staden vart frigjeven av kanadiarane i september 1944.