Capoeira er ein afrobrasiliansk blanding mellom kampsport, leik og dans. Capoeira er kjenneteikna av store, mjuke rørsler langs bakken og i lufta. Ein dansar til musikk i sjangeren capoeira, der ein brukar enkle rytmeinstrument, klapping og song. Det finst tre ulike stilar av capoeira, Capoeira Angola, Capoeira Regional og Capoeira Contemporânea. Angola er basert på tradisjonell capoeira med trege, rolege rørsler. Regional og Contemporânea er meir kampfokusert, med mange raske rørsler.

To menn dansar capoeira i ein sirkel av menneske på gata i Amsterdam.

Capoeira vart utvikla av brasilianske slavar på 1500-talet. Sporten er forma som ein dans for å skjula kamuflera det at slavane trente kampsport, som kunne brukast i opprør mot slavedrivarar.

Ein brukar ikkje faste mønster i capoeira slik ein gjer i orientalske kampsportar, men meir improvisasjon. To utøvarar dansar ein dans der ein sparkar mot einannan samstundes som ein prøver å unngå motstandarane sine spark. Slag er generelt lite brukt. Når to utøvarar dansar capoeira saman, står dei andre i gruppa rundt dei i ein ring (roda) og klappar og syng. Dansen er fysisk krevjande, fordi ein står på hendene mykje av tida.

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.