Michelangelo Merisi (29. september 157118. juli 1610), kjend som Caravaggio (av italiensk il Caravaggio, 'Caravaggioen'), var ein italiensk barokkmålar. Namnet viser til at familien hans var frå byen Caravaggio i provinsen Bergamo. Caravaggio braut til ein viss grad med dei rådande konvensjonane i dåtidas målarkunst. Bileta hans har eit naturalistisk preg. Han var aktiv i Roma, Napoli, Malta og Sicilia mellom 1593 og 1610.

Caravaggio

Statsborgarskap Hertugdømet Milano
Fødd 29. september 1571
Milano, Caravaggio i Lombardia
Død

18. juli 1610 (38 år)
Porto Ercole

Yrke kunstmålar
Språk italiensk
Religion katolisisme
Far Fermo Merixio
Mor Lucia Aratori
Ektefelle ingen verdi
Caravaggio på Commons

Til Roma endre

 
Gut med fruktkorg, ca. 1593-94
 
Sjuk Bacchus, ca. 1593-94

I åra 1584-88 gjekk Caravaggio i lære hos Simone Peterzano i Milano og arbeidde deretter i heimbyen Caravaggio fram til mora døydde i 1592. Han flytta til Roma, der han i første omgang måtte klare seg med strøjobbar. Dei første åra i byen var kaotiske og er lite dokumentert. Men han fekk rykte på seg for å vere kranglevoren og valdeleg, ein som ofte kom i slagsmål og duellar. Han arbeidde hos målaren Cavalier d'Arpino, hos han laga Caravaggio verk som Ung mann med fruktkorg og Sjuk Bacchus. Fleire historikarar har snakka om ein mogleg tur til Venezia, nærast for å forklare nokre venetianske trekk ved verka hans, spesielt Kvile under flukta til Egypt.

 
Matteus og engelen, 1602

I 1595 begynte Caravaggio å selje måleria sine gjennom kunsthandlaren Valentino. Den mektige kardinalen Francesco del Monte kjøpte nokre av Caravaggios måleri av Valentino. Kardinalen bestilte deretter ei rad måleri til Contarelli-kapellet i kyrkja San Luigi dei Francesi. Caravaggio laga tre lerret som skildrar livet til apostelen og evangelisten Matteus: Matteus får kallet, Matteus og engelen, og Matteus sitt martyrium. Måleria vekte oppsikt grunna sin naturalisme, og Matteus og engelen måtte målast om då presteskapet såg det som for vulgært. Kyrkjemenn, og mange andre, reagerte på den erotiske og homoerotiske tonen i mange av arbeida hans.

Caravaggio var tidvis ustyrleg og kom fleire gonger både på sjukehus og i fengsel, som ei følgje av sine kranglar og seksuelle skandalar. Samstundes måla han bilete som vart vidkjende og gjorde han til ein ettertrakta målar. I mai 1606 kom Caravaggio i slagsmål med ein Ranuccio Tommasoni, der han drap motstandaren. Caravaggio vart dømd til døden, men flykta frå Roma. Resten av livet var han på reisefot mellom ulike byar i Italia. Han drog først til Napoli og deretter til Malta, dit han kom sommaren 1607. Der presenterte han seg som ein berømt kunstnar overfor stormeisteren for maltesarriddarane, Alof de Wignacourt, som han måla to portrett av. Riddarordenen gav han vern, og året etter kunne han trå inn i riddarordenen. På Malta måla han Halshogginga av døyparen Johannes og andre verk, bestilt av presteskapet på øya. Etter eitt år der vart han utvist etter ein skandale.

Kunsten til Caravaggio i denne perioden viser ei djupare psykologisk innsikt og ein tydeleg sensitivitet. Med hjelp frå ulike verjer og ein mindre provoserande produksjon prøvde han å verte benåda av paven, og dermed få lov til å returnere til Roma. Tilbake i Napoli i 1609 hamna han i eit slagsmål som nesten kosta han livet. Etter rekonvalesensen måla han fleire store måleri, så som enno ein versjon av Johannes døyparen, og eit veldig dystert David og Goliat. Den heilage Ursula sitt martyrium vart det siste verket hans.

I 1610 fekk Caravaggio vite at paven var villig til å ettergje straffa. Han drog straks sjøvegen mot Roma. Då båten stansa ved Porto Ercole oppstod ei misforståing og Caravaggio vart sett i fengsel, der han vart sjuk. Han vart sleppt fri etter to dagar, og vandra febersjuk langs stranda i sterkt solskin. Et par dagar seinare, 18. juli 1610, døydde han under uklare omstende, truleg av lungebetennelse. Han fekk aldri vite at pave Paul V nett hadde gitt han nåden.

Caravaggio sin naturalisme endre

Rundt 1600 var Caravaggio og Annibale Carracci nøkkelfigurane i romersk barokkmåling. Seinare skulle dei verte rekna som forfedrar til to divergerande trendar i målarkunsten, naturalismen og idealismen, i si samtid vart dei likt beundra, ofte av dei same personane.

I eit av Caravaggio sine måleri, Omvendinga til Paulus, har naturalismen heilt erstatta dei vanlege symbola i religiøse måleri. Måleriet, som det Nye Testamentet, syner beint fram korleis forfølgjaren av kristne, Saul, mirakuløst konverterer for å verte apostel. Nett som om Caravaggio aksepterte høgrenessansekunsten si kraft og overtyding, men avviste idealismen i den. Paulus er portrettert som ein ung soldat med grove ansiktstrekk og skjeggstubbar. Hesten hans er ein sterkbygd Pinto, halden av ein gammal mann med rynker og tynt hår. Å nytte ein bonde til modell for figuren fann delar av samtida støytande. Den grove strukturen er gjengitt med illusjonistisk dyktigheit. Dette er ikkje naturalisme for naturalismen si sak. Måleriet illustrerer effektivt «mysteriet» i Paulus si omvending. Paulus sine armar og hender er utstrekte for å ta imot det guddommelege lyset som blender han og stikk han i hjartet. Caravaggio var nesten heilt sikkert kjend med Ignatius Loyola si vekt på andelege øvingar, der ein rekna sansane som meir eigna til å oppnå andeleg innsikt enn intellektet. Med sine livaktige figurar i naturleg storleik var måleria hans ein invitasjon om å få delta i framsyninga av mysteriet. Måleriet har størst dramatisk effekt sett knelande frå kapellinngangen.

Caravaggio si rolle i kunsten endre

 
David og Goliat, ca. 1609-10
 
'Kroninga med tornar', ca. 1602-1604.

Caravaggio braut totalt med tradisjonen då han måla heilage personar med modellar frå gata. Han ville bringe realisme inn i målinga. For å oppnå ein dramatisk effekt, nytta han eit forseggjort og kunstig lys, kjent som chiaroscuro. Gjennom sterke kontrastar mellom lys og skugge skaper han maksimalt dramatiske uttrykk. Dei fleste av Caravaggio sine måleri er prega av denne teknikken, der hovudpersonane er i eit mystisk rom, anten i eit mørkt rom, eit nattlandskap, eller berre mot ein svart bakgrunn. Eit sterkt og innimellom hardt lys fell som ein stråle på den sentrale scena med same effekten som ei frontlykt på ei scene, og resultatet er ei dramatisk og ofte mystisk atmosfære.

Caravaggio sine kunstverk har vakt forakt og avsky frå mange, trass i den høge tekniske kvaliteten. Først kring 1900 fekk han plass mellom meistrane i målarkunsten. Men mange store målarar var i si tid sterkt inspirert av Caravaggio. Både Nicolas Poussin, Diego Velázquez, Peter Paul Rubens og Rembrandt let seg påverke av kunsten hans. Kyrkja har lenge vore ambivalent i forhold til Caravaggio sine bilete.

Dei fleste av motiva hans var religiøse, og fanga med sine dramatiske og tiltalande bilete noko interesse hos den katolske motreformasjonen. Måleria viste kontrasten til den strenge protestantismen, i det minste i si kalvinistiske form, som ikkje aksepterte bilete i det heile. På den andre sida vart det reagert på at bibelske personar og helgenar vart portrettert med modellar frå tavernaer og frå slummen.

Den største skandalen braut ut om det avviste Jomfru Marias død. Maria var der avbilda i svært lite flatterande former. Eit vedvarande rykte sa at liket av ei gravid, prostituert kvinne, fiska opp frå Tiber, hadde fungert som modell. Måleriet var bestemt for karmelittane si Santa Maria della Scala i Trastevere, men karmelittane avviste det som upassande.

Caravaggio må ha vore mykje fascinert av menneskekroppen. Han var derimot ikkje oppteken av det kjønnslege, alle karakterane hans er menn. Caravaggio er også kjend for å ha måla nokre av dei første verkelege stilleben-måleria, som Fruktkorg, rundt 1597.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Caravaggio