Carel Fabritius (27. februar 162212. oktober 1654) var ein nederlandsk kunstmålar, ein av dei mest talentfulle elevane til Rembrandt. Også to av brørne hans var målarar; Barent Fabritius som var aktiv i Amsterdam og Johannes Fabritius som var aktiv i Hoorn.

Carel Fabritius

Sjølvportrett, ca. 1645-49
Statsborgarskap Nederland
Fødd februar 1622
Middenbeemster
Død

12. oktober 1654
Delft

Yrke kunstmålar, bygningstegner, tømrar
Sjanger byprospekt, sjangermåleri, portrett, trompe-l'œil, dyrekunst, historiemåleri, landskapsmåleri, hunting still life
Religion kalvinisme
Far Pieter Carelsz. Fabritius
Carel Fabritius på Commons

Liv og gjerning endre

Stillits, 1654

Fabritius var son til ein skulelærar og voks opp i Beemster. Nitten år gammal gifta han seg med syster til den lokale presten, ekteparet flytta straks til Amsterdam. Truleg byrja han omgåande å arbeide i verkstaden til Rembrandt. Anten fekk han plass som elev, noko han eigenleg var for gammal til, eller så tok han til som medarbeidar til meisteren.

Fabritius var den einaste som utvikla ein sjølvstendig stil av dei som arbeidde under Rembrandt. Til skilnad frå Rembrandt og hans markerte kontrastar, er Fabritius sin portrett delikat opplyst mot lysfarga, strukterte bakgrunnar. Han fjerna seg frå renessansen sitt fokus på ikonografi og var i staden meir oppteken av dei tekniske sidene ved måling. For å få meir lys i bileta sine, nytta han seg av kjølige fargeharmoniar.

Etter kona hans døydde i 1643 kom Fabritius i alvorleg pengeknipe. Han opparbeidde gjeld, noko som forfylgde han livet ut. Etter ein del år i Amsterdam, flytta han til Delft, der han i 1652 vart medlem av Sint-Lucasgildet.[1]

Fabritius var også interessert i komplekse og romlege effektar, noko ein ser i det overdrivne perspektivet i måleriet Utsyn i Delft, med buda til ein seljar av musikkinstrument frå 1652. Han synte framifrå evner i å måle med ein pensel full av måling, som i Stillits frå 1654. Alle desse elementa finst i arbeid av dei to målarane i Delft med størst ry; Johannes Vermeer og Pieter de Hooch. Det er sannsynleg Fabritius hadde sterk innverknad på målarstilen deira.

12. oktober 1654 eksploderte eit krutlager i Delft. Store delar av byen vart øydelagd og fleire menneske omkom, mellom dei Carel Fabritius som arbeidde like i nærleiken av krutlageret. Eksplosjonen og dei påfylgjande brannane førte til at fleire av måleria hans brann opp. Ein kjenner til einast 14 bevarte måleri etter han.[2]

Kjelder endre

Notar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carel Fabritius