Carl Robert Jakobson

Carl Robert Jakobson (fødd 26. juli 1841 i Tartu, død 19. mars 1882 i Kurgja) var ein estisk forfattar, politikar og lærar. Han var aktiv i den nasjonale rørsla i landet[1] og ein av dei viktigaste personane i den estiske oppvakninga på andre halvdelen av 1800-talet.

Carl Robert Jakobson

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 14. juli 1841
Tartu
Død

6. mars 1882 (40 år)
Kurgja

Yrke journalist, politikar, skribent, barnebokforfattar, nasjonal vekker
Språk estisk
Far Adam Jakobson
Carl Robert Jakobson på Commons

Mellom 1860 og 1880 vart Guvernementet Estland under Det russiske imperiet leidd av ei moderat regjering dominert av notabilitetar. Jakobson vart leiaren av ei radikal fløy, og han argumenterte for store reformer i Estland. Han var ansvarleg for det økonomipolitiske programmet under den estiske oppvakninga. Jakobson oppmoda estarar om å krevje dei same politiske rettane som tyskarane hadde og ein slutt på dei privilegerte stillingane dei baltisk-tyske notabilitetane fekk.

I 1878 starta Jakobson den estiske avisa Sakala.[1] Han dreiv henne fram til 1882, og avisa vart fort ein viktig del av den kulturelle oppvakninga som føregjekk i Estland.

Carl Robert Jakobson på 500 kroonsetelen

Det er bilete av Carl Robert Jakobson på 500 kroonsetelen.

Eduard Magnus Jakobson var ein yngre bror av Carl Robert.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre