Carl Spitteler

sveitsisk poet

Carl Friedrich Georg Spitteler (24. april 184529. desember 1924) var ein sveitsisk diktar, forfattar, kritikar og essayist som i 1929 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «med särskild tanke på hans mäktiga epos Olympischer Frühling.»[1][2]

Carl Spitteler

Pseudonym Carl Felix Tandem
Statsborgarskap Sveits
Fødd 24. april 1845
Liestal
Død

29. desember 1924 (79 år)
Luzern

Yrke lyrikar, skribent, teolog
Sjanger dikt, prosa, skodespel
Religion reformed
Far Karl Spitteler
Ektefelle Marie op der Hoff
Signatur
Carl Spitteler på Commons


Liv og virke endre

Spitteler blei fødd inn i ein protestantisk familie som hadde tatt steget frå bonde- til advokat-/embetsmannsstanden. Frå 1849 voks han opp i Bern. Han studerte jus i Luzern og Zürich og seinare protestantisk teologi i Heidelberg (1867/68), sjølv om han var ateist. Han arbeidde frå 1871 som privatlærar i familien til ein finsk general. Inntrykka frå dette opphaldet finn ein seinare att i forteljingane Ei Ole og Das Bombardement von Åbo. Etter at han kom attende til Sveits arbeidde han ei stund som lærar og journalist, mellom anna som redaktør for kultursidene i Neue Zürcher Zeitung. I 1883 gifta han seg med den tidlegare eleven Maria Op den Hooff som han fekk to døtre med.

Under pseudonymet Carl Felix Tandem skreiv Spitteler i 1880-1881 tobindseposet Prometheus und Epimetheus der han moderniserer den antikke Prometheus-myten. Stilistisk unnveik Spitteler den rådande realisme-retninga, i staden finn ein slektskap med Arthur Schopenhauer og Friedrich Nietzsche. Spitteler korresponderte også med Nietzsche og skreiv omtaler av nokre av verka hans for Bern-avisa Der Bund.

I 1893 arva familien svigerfar til Spitteler og dei slo seg ned i Luzern der han levde som fri forfattar. Dei første verka og følgjande lyriske verk vekte liten åtgaum, og han slo først gjennom med Olympischer Frühling (1900–1905, «Olympisk vår») der Spitteler overførte figurar og handlingmønstre frå gresk mytologi til sin eigen samtid i rundt 20 000 vers. Han teikna eit dystert bilde av universet i desse mytologiske eventyra, i tråd med sitt eige pessimistiske syn på verda.

Verk endre

  • 1881 Prometheus und Epimetheus
  • 1883 Extramundana
  • 1887 Ei Ole
  • 1887 Samojeden
  • 1887 Hund und Katze
  • 1887 Olaf
  • 1888 Bacillus
  • 1889 Das Bombardement von Åbo
  • 1889 Schmetterlinge
  • 1889 Der Parlamentär
  • 1890 Das Wettfasten von Heimligen
  • 1891 Friedli der Kolderi
  • 1891 Gustav
  • 1892 Literarische Gleichnisse
  • 1892 Der Ehrgeizige
  • 1893 Jumala. Ein finnisches Märchen
  • 1896 Balladen
  • 1897 Der Gotthard
  • 1898 Conrad, der Leutnant
  • 1898 Lachende Wahrheiten
  • 1900 Die Auffahrt
  • 1901 Hera die Braut
  • 1903 Die hohe Zeit
  • 1904 Ende und Wende
  • 1905 Olympischer Frühling (epos)
  • 1906 Imago
  • 1906 Gras- und Glockenlieder
  • 1907 Die Mädchenfeinde
  • 1914 Meine frühesten Erlebnisse
  • 1924 Prometheus der Dulder




Litteratur endre

Referansar endre

  1. "in special appreciation of his epic, Olympian Spring".
  2. Carls Spitteler på nobel-winners.com

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Carl Spitteler