Carl Stoltenberg

norsk kjøpmann og eidsvollsmann

Carl Peter Stoltenberg (28. januar 177013. november 1830) var ein norsk kjøpmann og eidsvollsmann.

Carl Stoltenberg

Fødd28. januar 1770
Re kommune
Død13. november 1830 (60 år)
Statsborgar avNoreg
Partisjølvstendepartiet
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
BarnMatthias Stoltenberg
Alle verv

Stoltenberg var fødd i Undrumsdal i Våle i Vestfold, far hans var prest. Sjølv slo han seg ned i Tønsberg som kjøpmann. I mange år sat han i forlikskommisjonen i byen.

I 1814 var Stoltenberg utsending frå Tønsberg til riksforsamlingaEidsvoll. Der høyrde han til sjølvstendepartiet. Han var elles med i finanskomiteen. Også på det overordentlege storting 1814 var han representert. 10. oktober 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik. Stortingsrepresentant for Tønsberg også i 1815-16, medlem av ti komitear. Mellom dei var komiteen om finans-, skatte-, bank- og pengevesen og komiteen om bergverkslova og Kongsberg Sølvverk. I 1824 representerte han Tønsberg og Holmestrand på Stortinget. Han var då medlem av tollkomiteen, protokollkomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.

Stoltenberg døydde i Tønsberg i 1830. Han var far til Matthias Stoltenberg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carl Stoltenberg