Carl Vilhelm Holst

norsk romanist og litteraturvitar

Carl Vilhelm Boye Holst (1. oktober 190523. januar 1947) var ein norsk litteraturforskar og kunstfilosof frå Stavanger.[1]

Carl Vilhelm Holst
FøddCarl Vilhelm Boye Holst
1. oktober 1905
Død23. januar 1947
NasjonalitetNoreg
Yrkeromanist, litteraturvitar
Alma materUniversitetet i Oslo

Holst studerte litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo og vart cand.mag. i 1933, med ei avhandling om lukkekjensla hos den franske forfattaren Stendhal. Han var så skulelærar i Oslo, deretter var han frå 1936 til 1940 lektor i norsk ved Sorbonne-universitetet i Paris. 1941-43 var Holst lektor i fransk ved Universitetet i Oslo. Sidan var han universitetsstipendiat i litteraturhistorie, der han førelas i fransk poesi og generell estetikk.[1]

Holst var kritisk til historismen og «psykologismen» som metodar i litteratur-granskinga. Han hevda at det «bare er ved å erkjenne diktningens vesen at man kan bestemme de forskjellige litterære forskningsgrenenes relevans for litteraturen».[1]

Utvalde skrifter endre

  • Stendhal: l'auteur d'Armance, (i Edda 1937)
  • Défense et illustration de l'histoire littéraire, (i Orbis litterarum 1943)
  • Fragment av en kunstfilosofi, (1953)
  • Baudelaires estetikk, (1954)
  • Kulturfilosofiske skrifter, (1974)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Carl Vilhelm Holst». Store norske leksikon (på norsk). 22. januar 2023. 

Litteratur endre

  • Knut Imerslund: Den estetisk-filosofiske skole i norsk litteraturforskning – mål og metode. Oslo: Gyldendal, 1978.