Carla Cristina Paquete Sacramento (fødd 10. desember 1971) er ein portugisisk tidlegare friidrettsutøvar frå São Sebastião da Pedreira som vart verdsmeister på 1500 meter i 1997 og tok bronsen på distansen i VM 1995.

Carla Sacramento
Statsborgarskap Portugal
Fødd 10. desember 1971 (52 år)
Lisboa
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

offiser av Infante Dom Henriks orden

Aktiv endre

Sacramento var mellomdistanseløpar og satsa i yngre år både på 800 m og 1500 m. Frå 1995 konsentrerte ho seg mest om 1500 m og vart ved innandørs-VM nummer to på den distansen, slått av Regina Jacobs frå USA. Eit lite halvår seinare tok ho bronsemedaljen på 1500 meter ved friidretts-VM 1995 i Göteborg, bak verdsmeister Hassiba Boulmerka frå Algerie og Kelly Holmes frå Storbritannia.

Under den neste verdsmeisterskapen i friidrett, i Aten den 5. august 1997, vann Sacramento 1500-meterløpet etter å ha slått Regina Jacobs, sveitsiske Anita Weyermann og spanske Maite Zúñiga I spurten. Ei veke seinare sette ho I Zürich personleg rekord på 800 meter med 1.58,94. 8. august 1998 sprang Sacramento sitt livs beste 1500 m då ho i eit stemne i Monaco vart klokka inn på 3.57,7. Ved europameisterskapen i Budapest to veker seinare hadde ho likevel lite å stille opp mot russiske Svetlana Masterkova i innspurten på 1500 m og måtte ta til takke med sølvmedaljen.

Både ved verdsmeisterskapen 1999 og den neste i 2001, kjempa Sacramento lenge om å sikre seg ein medalje på 1500 m. I Sevilla i 1999 vart ho nummer fem og i Edmonton kom ho på fjerdeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre