Carol of the Bells

«Carol of the Bells» er ein amerikansk julesong med melodi frå ukrainske «Sjtsjedryk» av Mykola Leontovytsj frå 1916 og tekst av Peter J. Wilhousky frå 1936.

Melodien til «Sjtsjedryk» vart skriven av Mykola Leontovytsj i 1914 som ukrainsk nyttårssong basert på to folketonar og lånt til den amerikanske julesongen «Carol of the Bells»
Det gjentakande motivet som går att i «Carol of the Bells» og opphavssongen «Sjtsjedryk».

Gaily they ring
while people sing
songs of good cheer,
Christmas is here.

Merry, merry, merry, merry Christmas,
Merry, merry, merry, merry Christmas,

Sjette verset av songen og refrenget.[1]

Songen er blitt populær i den engelskspråklege verda. Han spreidde seg gjennom radio takka vere Wilhousky sitt arbeid som arrangør for radiosymfoniorkesteret til NBC.

Det er også skrive andre engelske versjonar av songen, mellom anna «Ring, Christmas Bells» av Minna Louise Hohman frå 1947.

«Carol of the Bells» skil seg heilt frå utgangspunktet, som er ein lukkeønskande nyttårssong. Melodien er derimot lik. Wilhousky sin tekst illuderer ringande klokker med korte ord og ord som «ding dong», og har tydeleg juletilknyting gjennom refrenget som ønskjer god jul. Han skildrar korleis klokkene kling til jul, lik folk som syng bringer glede. Han kan ha vore inspirert av den gamle slaviske soga om at alle klokker i verda byrja klinga av seg sjølv då Jesus vart fødd.

Songen er blitt brukt i reklamefilmar. Han var også del av musikken i julefilmane Home Alone og Home Alone 2: Lost in New York regissert av Chris Columbus. Han er blitt framført av ei rekkje artistar i ulike stilar, som klassisk, jazz, rock, heavy metal og pop.

Innspelingar endre

(Utval)

Kjelder endre