Carska Bara (kyrillisk skrift Царска бара) er den største myra og eit av dei største naturreservata i Serbia. Ho ligg i regionen Banat i provinsen Vojvodina. Carska Bara ligg 17 km sørvest for byen Zrenjanin sentralt i Banat, nær staden der elva Begej munnar ut i Tisa.

Carska Bara
verneområde
Land  Serbia
Kart
Carska Bara
45°15′47″N 20°23′56″E / 45.263°N 20.399°E / 45.263; 20.399
Wikimedia Commons: Carska bara

Sjølv om myra ligg i trekanten mellom dei store byane Beograd, Novi Sad og Zrenjanin, er det berre mindre busetnader nær Carska bara. Den næraste busetjinga er Perlez, aust for myra. I nord ligg landsbyane Lukino Selo, Ečka og Stajićevo, medan Knićanin ligg i sørvest. Byen Titel ligg på andre sida av brua over Tisa.

Geografi endre

 
Carska Bara

Heile våtmarksområdet Carska Bara dekkjer eit areal på 11 km², og heile systemet består av tre mindre vatn (Carska, Perleska og Tiganjica).[1] Det strekkjer sg 8–9 km langs Begej[2] Våtmarksområdet består av mange mindre område med elvar, kanalar, innsjøar og tjern, dekte med sivkratt og piletrekratt. Den sentrale delen har blått, klårt vatn, medan det omliggande marsklandet består av kvitt og gult vatn.

Dyre- og planteliv endre

 
Purpurhegre i Carska Bara.

Mange sjeldne og stadeigne planter finst i våtmarksområdet, men òg fleire importerte planter. Nokre av vassplantene er flytebregner og vassliljer. På land finn ein fjærekoll, malurt, kattost og engsalvie, og av marskplantene finn ein brudelys, sverdlilje, manna-søtgras og kalmusrot.

Det finst over 24 forskjellige fiskeartar i Carska Bara og den nærliggande elva Begej. Amfibiar (salamander, frosk) og reptil (sandfirfirsle, skjelpadde) finst det òg mykje av.

Carska Bara er best kjend for det rike fuglelivet med 240 forskjellige fugleartar.[3] Det finst koloniar av hegre og skarv (mellom andre dvergskarv) og andre artar som havørn, musvåk, balkanhauk, skjestork, sivhauk, enghauk, raudhalsgås, kvitaugeand, fiskeørn, villgås, stork, hakkespett og fleire.

Av pattedyr finn ein villsvin, rådyr, raudrev, sørhare, bisam, flaggermus, pinnsvin, moldvarp, røyskatt, hamster, jordekorn og ilder med fleire.

Vern endre

Naturreservatet Stari Begej-Carska Bara vart oppretta i 1955 og i 1995 fekk det oppdatert status. Det dekkjer eit område på 16,76 km² og er større enn sjølve Carska Bara. Sidan 1996 har området vore ein ramsarstad.[4]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
  2. Turističko područje Beograda, "Geokarta", 2007, ISBN 86-459-0099-8
  3. Blic daily, Staništa retkih ptica, 25. april 2007
  4. Ramsarstader

Bakgrunnsstoff endre