Carsten Anker

forretningsmann, embetsmann og politikar

Carsten Tank Anker (17. november 174713. mars 1824) var ein norsk forretningsmann, embetsmann og politikar. Han eigde bygningen der riksforsamlinga i 1814 vart halde. Staden har seinare fått namnet Eidsvollsbygningen.

Carsten Anker

Carsten Anker på eit måleri av Chr. Kahrs frå 1869 etter ein original av C. A. Lorentzen. Tilhøyrer Eidsvoll 1814
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1747
Fredrikshald, no Halden
Død

13. mars 1824 (76 år)
Biri glassverk

Yrke Embetsmann, forretningsmann og politikar
Medlem av Royal Society, Det kongelige danske Selskab for Fædrelandets Historie
Far Erik Anker
Ektefelle Hedevig Conradine Ernestine Christine von Wegener
Carsten Anker på Commons

Anker tilhøyrde slekta Anker, var son av kjøpmann og jernverkseigar Erik Anker og Anne Cathrine Tank.[1] Han var fødd i Fredrikshald kor faren dreiv ei stor verksemd med såpe og tobakk. I 1748 kjøpte faren Moss Jernverk og her vaks Carsten Anker opp i lag med den eldre broren Peter.[1]

I 1759 drog han ut på ei fleirårig utanlandsreise, saman med broren Peter og fire fetrar frå Kristiania; Bernt, Peder, Jess og Iver.

Karriere i Danmark endre

Frå 1771–72 var han utsending frå fleire av dei større norske handelshusa i Stockholm for å forhandle om ei betre ordning av tømmerfløytingaKlarälven, utan å oppnå det ønska resultatet. I Sverige vart han likevel mistenkt for å òg arbeidde med hemmelege, politiske planar, og då Gustav III hadde gjort sitt statskupp, vart han oppmoda frå København til å vende attende.

Han begynte på ein karriere som embetsmann. 10. mai 1774 vart han sekretær i General-Landøkonomi- og Kommerce-Kollegiet, 1776 justisråd, 1781 tredjedeputert i Bjærgværksdirektoiret og 1784 andredeputert. Frå 1774 var han fast busett i København.[2]

 
Holsteins palé i 1767 frå Den danske Atlas utgjeven fyrst av Erik Pontoppidan og av andre etter at han var død. Paléet hadde fasade ut mot torget og låg der Magasin du Nord ligg i dag.[3]
 
«Eidsvold Hovedgaard» av Joachim Frich i Christian Tønsbergs Norge fremstillet i Tegninger frå 1848.

I 1779 vart han etatsråd, 1784 konferensråd. Då Bjærgværksdirektoiret vart oppheva ved kongeleg resolusjon 28. januar 1791, fekk han avskjed med pensjon, men heldt fram i stillinga som førstedirektør i den såkalla Realisations-Kommission. Denne stillinga innebar mellom anna at han hadde spesielt oppsyn med statens norske glasverk. I 1792 vart han førstedirektør i styret for det dansk-asiatiske Kompagni, ei stilling han hadde fram til 1811. Han skaffa seg dessuten ein stor eigedom i Noreg, ved å kjøpe Eidsvoll jernverk.

Som utsending for det asiatiske Kompagni oppheldt han seg i London frå januar 1805 for å ordne kompaniets handelssaker i forhold til det engelsk-ostindiske kompani. Denne oppgåva tyktes han ha utført på utmerkt vis. I 1807 utførte han ein stor pengeforretning for regjeringa i Hamburg og avslutta ein handel med skipstømmer for Marinen. I 1811 busette han og familien seg på Eidsvoll etter 37 år i Danmark.[4]

I 1778 hadde det lyktes Carsten Anker, broren og fetrane å bli teken opp i adelsstanden ved å påstå at familien stamma frå ei utdøydd svensk adelsslekt ved namn Anckar. Denne slekta hadde vore adla i 1625 og døydde ut i 1645. Dette skjedde ikkje gjennom adling av den norske slekta, men ved naturalisering på grunnlag av påstandane om at familien tilhøyrde den svenske adelsslekta Anckar. Avstamminga frå Anckar-slekta var sett på som høgst tvilsam òg i samtida og blei avdekkja som ei forfalsking av Alf Collett i Personalhistorisk Tidsskrift i 1889, da han fann rettsreferat frå 1666 som viste at oldefaren «Erich Anchersen, en fattig fremmed Karl af Lübeck» blei funne skyldig i tollsvik.[5]

 
Statue av forretnings- og embetsmannen Carsten Anker (1747-1824) ved EidsvollsbygningaEidsvoll er laga av Jo Visdal.

2. juni 1784 gifta Anker seg i Schleswig med Hedevig Conradine Ernestine Christine von Wegener, han var 37 år gamal, ho 21.[3] Dei busette seg i Holsteins palé på Kongens Nytorv i København, ei bygning Anker hadde kjøpt året før.

Vennskap med Kristian Fredrik endre

Under opphaldet i København var han blitt godt kjend med tronfølgjaren, prins Kristian Fredrik. Då denne kom til Noreg som statthaldar i 1813, vart Anker straks ein av dei rådgjevarane prinsen lytta mest til. Etter Kielerfreden heldt prinsen eit møte på Eidsvoll verk under si reise til Trondheim, og på tilbakevegen heldt han Stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814, då det vart vedteke at Noreg skulle erklærast uavhengig, og at det skulle innkallast ei riksforsamling, som òg vart halde på Eidsvoll.

Riksforsamlinga i 1814 endre

Innan Riksforsamlingen kom saman, hadde Anker reist frå Noreg, og kunne dermed ikkje ta sete i den nye norske regjeringa, der han vart utnemnd til regjeringsråd 2. mars og statsråd 19. mai. I mars 1814 hadde han drege over Nordsjøen for å virke for Noreg sine interesser i England. Her arbeidde han for å krysse stormaktenes og Sveriges politikk, men kunne ikkje sette noko igjennom. I 1815 fekk han avskil som statsråd og vendte attende til Noreg der han kom i eit nært forhold til kronprins Karl Johan.

Dei siste leveåra endre

I hans siste leveår var økonomien ikkje god; jernverket var nærmast å sjå som nedlagt. Han leia framleis statens glasverk og døydde på ei reise på Biri glassverk. Han hadde litterære interesser, verka som mesen og hadde samlingar av manuskript og bøker.

Born og etterkomarar endre

Hedevig og Carsten Anker fekk fire born i den tida dei budde i Holsteins palè i København;[6]Erik Theodor Christian Bernhardus (1785-1858), Peter Thor Ove (1788-1789), Peter Wilhelm Ove (1789-1807) og Anne Catharine Henriette, kalla Annette (1792-1813). Peter Thor Ove døydde berre 1 år gamal. Den yngre broren Peter Wilhelm Ove drukna i Andelva under ei vitjing i Noreg i 1807. Han var da 17 år. Dottera Annette fekk tuberkulose etter at familien kom til Eidsvoll og døydde under eit kuropphald i København 22 år gamal.[7]

Sonen Erik gifta seg i København i 1816 med Betzy Sneedorff. Ho hadde vore hoffdame hos hos den fyrste kona til Kristian Fredrik og deretter hos dei to systrene hans; Juliane Sofie og Louise Charlotte.[8] Ekteparet fekk sju born;[9]mellom dei Betsy Juliane Charlotte Anker som blei gift med målaren Hans Gude og Marie Agnes Christiane Anker som gifta seg med geologen og forfattaren Theodor Kjerulf.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Carsten Anker Knut Mykland i Norsk biografisk leksikon
  2. Geir Thomas Risåsen side 17
  3. 3,0 3,1 Geir Thomas Risåsen side 21
  4. Carsten Anker og hans familie frå Eidsvoll 1814
  5. Alf Collett: «Gaarde Mandtal udi Christiania». Personalhistorisk Tidsskrift, Kjøbenhavn 1889, side 197-198
  6. Geir Thomas Risåsen side 26-27
  7. Geir Thomas Risåsen side 74-75
  8. Geir Thomas Risåsen side 77
  9. Carl Johan Anker: Stamtavle over familien Anker, side 21 ff

Bakgrunnsstoff endre