Carsten Bachke

norsk fotballspelar

Carsten Anders Bachke (fødd 14. oktober 1963) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Moss som vart seriemeister i 1987 med Moss Fotballklubb. Han deltok i 6 landskampar. Bachke var angrepsspelar med fart som sin største styrke.

Carsten Bachke
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. oktober 1963 (60 år)
Moss kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Bachke var i 1981 med på å rykke opp frå 6. divisjon med Ekholt BK. Han var aktiv i laget fram til og med 1984. Frå 1985 til -90 var han vengspelar i Moss FK, eit lag som i 1987 overraska med å vinne 1. divisjon. I den avgjerande seriefinalen borte mot Molde FK, 11. oktober 1987, skåra han det fyrste målet då Moss sigra 2–0. Åra 1991-92 spelte han for Rapid på nivå 4, men frå 1993 var han atter å sjå i Ekholt-drakt. Han la bort fotballskorne i 1997.

Landslagsspel endre

I tida frå 12. august 1987 til 28. juli 1988 deltok Bachke i 6 landskampar. Han var innbytar i 4 av kampane. Haustsesongen 1987 spelte han 3 kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1988. Vårsesongen 1988 opna med to mållause vennskapskampar, før han endeleg, i sin 6. og siste landskamp fekk oppleve å sjå ein landslagskollega skåre. Den 28. juli gav Jan Åge Fjørtoft Noreg leiinga før Brasil utlikna til sluttresultatet 1–1. Bachke fekk vere med ute Ullevaal-bana dei siste 10 minutta av den historiske sigeren.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1987 med Moss FK

Kjelder endre