Carsten Smith (fødd 13. juli 1932) er ein norsk jurist, professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo og frå 1. mai 1991 til 1. august 2002 høgsterettsjustitiarius.

Carsten Smith
Fødd13. juli 1932
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkedommar, jusprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleLucy Smith
BarnMerete Smith
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Carsten Smith har utmerkt seg særleg innan privatretten. Doktoravhandlinga var om garantirett. Han har også interessert seg for samefolket si rettsstilling. I 1985 vart han tildelt Fritt Ords honnør «for sitt arbeid som formann for Samerettsutvalet.»

I eit foredrag på 1970-talet gav Carsten Smith uttrykk for at Høgsterett ikkje berre skulle avgjera dei konkrete sakene dei fekk framfor seg, men at dei også skulle vareta ei rettsskapande rolle innan norsk juss.

Carsten Smith var dekan ved det juridiske fakultetet frå 1977 til 1979.

I 2003 vart Smith tildelt storkrossen av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden, og har vorte utnemnd til æresdoktor ved ei rad universitet i mellom anna Noreg, Sverige og Kina.

Carsten Smith er son til høgsterettsadvokat Oscar Smith. Han var gift med professor dr. juris Lucy Smith, som mellom var rektor ved Universitetet i Oslo. Dei hadde tre døtrer, alle juristar, m.a. Merete Smith. Både Carsten Smith, Lucy Smith og Merete Smith har vore dommar i spørjeprogrammet Kvitt eller dobbelt på NRK.