Casey-stasjonen er ein permanent base i Antarktis driven av Australian Antarctic Division (AAD) som ligg ved Vincennes Bay i Australsk Antarktis.

Casey-stasjonen
stasjon
Casey-stasjonen frå lufta.
Land  Antarktis
Stad Wilkes Land
 - koordinatar 66°16′54″S 110°31′28″E / 66.28167°S 110.52444°E / -66.28167; 110.52444
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Casey-stasjonen
66°16′56″S 110°31′36″E / 66.282343°S 110.526792°E / -66.282343; 110.526792
Casey-stasjonen is located in Antarktis
Casey-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Casey Station

Historie endre

Casey ligg nær den no fråflytta Wilkes-stasjonen oppretta av USA under Det internasjonale geofysiske året (IGY) i 1957/8. Basen vart kalla opp etter Richard Casey.[1]

Australia tok over Wilkes etter det internasjonale geofysiske året, men dei amerikanske bygningane var ikkje mogeleg å bruke fordi isen hadde bygd seg opp kring dei. Australia bygde den første Casey-basen like ovanom, på sørsida av Newcomb Bay seint i 1960-åra. Desse bygngingane var eit unikt forsøk på å unngå isproblemet ved å heve bygningane på stylter, slik at vinden kunne blse under bygningane. I tillegg vart bygningane knytte saman med ein bølgjeblikktunnel. Dette håpte ein skulle hindre snøen i å bygge seg opp år for år, medan personellet kunne flytte seg mellom bygningane utan å gå ut i friluft. Det fungerte ei tid.

Den noverande Casey-stasjonen («Red Shed») vart bygt seint i 1980-åra. Bygningen vart prefabrikkert i HobartTasmania av Contas Pty Ltd, og frakta til Antarktis. Den store bygnignen vart først teken i bruk i 1988.

Flystriper endre

Casey er eit viktig transportknutepunkt for det australske forskingsprogrammet i Antarktis med flyruter til frå Hobart til Wilkins ice runway, 5 km inn for Casey-stasjonen. Det første flyet som landa her var eit Airbus A319 den 9. desember 2007.

Dem mindre Casey Station Skiway ligg 8 km aust for stasjonen og opna 30. desember 2004.

Klima endre

Casey-stasjonen har eit arktisk klima:

Vêrdata for Casey-stasjonen
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 2,5 −1,4 −7,1 −11,7 −13,4 −13,5 −14,9 −15,6 −14,3 −9,9 −2,7 2,1 −8,3
Gjennomsnittleg min °C −2,7 −7,3 −13,2 −17,3 −19,2 −19,5 −20,8 −21,7 −20,6 −16,4 −8,9 −3,2 −14,2
Gns. solskinstimar i månaden 234 217 150 107 45 0 17 85 144 212 246 251 1 708
Kjelde: Klimadata for Casey-stasjonen [2]

Kjelder endre

  1. Australian Philatelic Bulletin, Vol. 16, s. 28
  2. «Bureau of Meteorology». [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre

Brown Bay