Castelvetrano

kommune i Italia

Castelvetrano er ein by og ein kommune i provinsen Trapani i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har i kring 31 000 ibuarar og eit areal på 206,4 km². Byen ligg 187 meter over havet, om lag 70 kilometer sør for provinshovudstaden Trapani.

Porta Garibaldi i Castelvetrano

Historie endre

 
Hera-templet frå den tidlegare busetnaden Selinunt. Søylene har vore gjenreiste i nyare tid.

Selinunt var ein gresk busetnad i området i antikken. Ruinbyen Selinunt er eit minne frå den greske tida i kommunen.

Media skreiv i 2018 at «byen [er] nylig satt under administrasjon av Roma etter avsløringer om korrupsjon, enorme skatteunndragelser og mafia-infiltrasjon i kommuneledelsen. 65 prosent av befolkningen betaler ikke skatt».[1]

Næringsliv endre

Landbruk og næringsmiddelindustri er hovudnæringar i Castelvetrano, begge basert på dyrking og tilvirking av oliven og vin. Turisme er ei anna hovudnæring.

Folk frå Castelvetrano endre

Folk frå Castelvetrano vert kalla Castelvetranesi.

Den leiande fascist-ideologen Giovanni Gentile var frå Castelvetrano.

Kjelder endre

  1. Yngve Kvistad (28.02.2018). «Valget: Frykter mafiaens dødskyss». VG.