Castle Semple Loch

Castle Semple Loch er ein innsjø i Lochwinnoch i Renfrewshire i Skottland. Han var opphavleg ein del av ein eigedom med same namn og vert i dag forvalta av Clyde Muirshiel Regional Park som eit vassportsenter. Det ligg eit fuglereservat på nordsida av innsjøen.

Castle Semple Loch
innsjø
Vassport på Castle Semple Loch
Land  Skottland
Tilsig River Calder
Utløp Black Cart Water
Lengd 2,5 km
Breidd 0,6 km
Koordinatar 55°47′N 4°36′W / 55.783°N 4.600°W / 55.783; -4.600
Byar Lochwinnoch
Kart
Castle Semple Loch
55°47′52″N 4°36′27″W / 55.7979°N 4.6076°W / 55.7979; -4.6076
Wikimedia Commons: Castle Semple Loch

Kollegiatkyrkje endre

Ruinane av den vesle Castle Semple kollegiatkyrkje ligg på nordsida av innsjøen. Ho vart bygd i 1504 av John, Lord Sempill, på same stad som Castle Semple frå 1200-talet, og vert i dag teken hand om av Historic Scotland.[1]

Castle Semple endre

Castle Semple House vart bygd i 1735 for oberst William MacDowell, som fekk det originale Castleton House øydelagd. Dette huset vart skildra av Crawford i 1710 med ein stor gardsplass og noko som såg ut som nokre særs gamle bygningar.

Det nye Castle Semple var eit gotisk herskapshus med store hagar. Det brende ned i 1924 og ruinaen vart til slutt fjerna i 1960. Store portbogar og eit lite tempelfolly på ein haug nord for innsjøen er alt som er att etter eigedomen.[2][3]

Kjelder endre

  1. Castle Semple Collegiate Church[daud lenkje]
  2. Millar, A H (1889) The castles and mansions of Renfrewshire and Buteshire: illustrated in sixty-five views with historical and descriptive accounts..
  3. NSA (1845), The new statistical account of Scotland by the ministers of the respective parishes under the superintendence of a committee of the society for the benefit of the sons og daughters of the clergy, 15v, Edinburgh, Vol.7 (Renfrew), s. 96

Bakgrunnsstoff endre