Catalonia er eit historisk område i det nordaustlege Spania, som i dag dannar ein autonom region. Catalonia grensar til Frankrike og Andorra i nord, Middelhavet i aust, Valencia-regionen i sør og Aragón i vest. Kystlinja er 580 km lang.

Catalonia
Catalunya
Catalonha
Cataluña
region
Flagg
Symbol
Land  Spania
Del av De katalanske landa, Pyrenees–Mediterranean Euroregion
Hovudstad Barcelona
Areal 31 895 km²
Type Autonom region
Folketal 7 747 709 (2022)[1]
Postnummer CL
Kart
Catalonia
41°50′15″N 1°32′16″E / 41.8375°N 1.5377777777778°E / 41.8375; 1.5377777777778
Wikimedia Commons: Catalonia

Catalonia er den regionen i Spania med størst industriell produksjon. Regionshovudstaden er Barcelona.

Dei offisielle språka i regionen er katalansk, spansk, aranesisk (ein dialekt av oksitansk) og katalansk teiknspråk.[2] Namnet til Catalonia på katalansk er Catalunya, på oksitansk Catalonha, på spansk (kastiljansk) Cataluña, og på fransk Catalogne.

Klima endre

Klimaet er i Catalonia er variert. Dei folkesette områda ved kysten har middelhavsklima. I dei indre områda finn ein hovudsakleg kontinentalt middelhavsklima. I Pyreneane finn ein alpint klima.

I middelhavsområdet er somrane tørre, varme og fuktige med solgangsbris og maksimumstemperaturar rundt 30 °C. Somrane er den våtaste årstida i dalføra i Pyreneane med mange regnbyer. Vintrane er kjølige eller kalde, avhengig av kvar ein er i regionen. Det fell ein del snø i Pyreneane, og stundom òg i lågare høgder, sjølv ved kysten. Generelt er våren og hausten den våtaste tida.

Dei indre områda av Catalonia er varm og tørr om sommaren. Temperaturen her kan nå 35 °C, og stundom til og med 40 °C. Nettene er kjøligare her enn ved kysten med temperaturar rundt 14 til 16 °C. Tåke er ikkje uvanleg i dalane og på slettene og kan ofte ligge lenge. Om vintrane kan dette medføre periodar med frysande yr.

 
Romersk akvedukt i Tarragona.

Historie endre

 
Kart over Marca Hispanica, Navarri og Wasconia i 806 av Auguste Longnon (1876).

Som ein del av kysten av MiddelhavetDen iberiske halvøya, vart Catalonia kolonisert av dei gamle grekarane, som slo seg ned rundt Roses. Både grekarar og kartagenarar (som i løpet av den andre punarkrigen ei kort stund regjerte over området) hadde kontakt med iberararane. Etter kartagenarane vart slått vart Catalnoia og resten av Hispania, ein del av Romarriket. Tarraco var ein av dei viktigaste romerske stadane på Den iberiske halvøya.

Regionen kom under vestgotarane i fire hundreår etter at Romarriket kollapsa. På 700-talet erobra maurarane området og regionen vart lagt under al-Andalus. Etter nederlaget mot emir Abdul Rahman Al Ghafiqi sine troppar ved Tours i 732, erobra frankarane dei tidlegare vestgotiske statane som hadde vorte erobra av muslimane eller hadde vorte allierte med dei i det som i dag er den nordlegaste delen av Catalonia. Karl den store oppretta i 795 det som vart kjend som Marca Hispanica, ein buffersone bortanfor provinsen Septimania som bestod av lokalt styrte småkongedøme. Desse var ein forsvarsbarriere mellom Umayyad-maurarane i Al-Andalus og Det frankiske kongedømet.

 
Katalansk hoff.
 
Carrer del Bisbe (Bispegata) i Barri Gòtic i Barcelona.
 
Domkyrkja i Barcelona.
 
Klosteret Vår frue av Montserrat Santa Maria de Montserrat.
 
Palau de la Música Catalana, bygd mellom 1905–1908.

Det katalanske kulturen byrja å utvikle seg i mellomalderen ut frå fleire av desse småkongedøma som var organiserte som små grevskap i den nordlege delen av Catalonia. Grevane av Barcelona var frankiske vasallar utpeikt av kongen av Frankrike, som dei var underlagt då (801–987).

I 987 anerkjende ikkje greven av Barcelona den franske kongen Hugo Capet og det nye dynastiet hans, som effektivt endra det frankiske styret. To år seinare, i 989, erklærte Catalonia seg sjølvstendige. I 1137 gifta Ramon Berenguer IV av Barcelona seg med dronning Petronila av Aragon og oppretta ein personalunion mellom grevskapet Barcelona og Kongedømet Aragón som skapte kongemakta Aragón.

Det var først i 1258, med Corbeil-traktaten, at kongen av Frankrike formelt sa opp det føydale herredøme over grevskapa i Fyrstedømet Catalonia til kongen av Aragon Jakob I, arving av Ramon Berenguer IV. Som ein del av kongemakta Aragon vart Catalonia ei sjømakt og var med på å utvide kongemakta med handel og erobringar til kongedømet Valencia, Balearane, og til og med Sardinia, Sicilia, Korsika, Napoli, Aten, Kanariøyane og Amerika.

I 1410 døydde kong Martin I utan arvingar. Som følgje av dette, etter Caspe-pakta, tok Ferdinand av Antequera frå det kastiljanske dynastiet Trastamara over kongemakta Aragon som Ferdinand I av Aragon.

Barnebarnet hans, kong Ferdinand II av Aragon gifta seg med dronning Isabella I av Castilla i 1469. I dag vert dette sett på som starten på kongedømet Spania. På den tida var både Castilla og Aragon to forskjellige område med sine eigne tradisjonelle institusjonar, styresett og lover. Den politiske makta glei gradvis frå Aragon mot Castilla, og etter kvart frå Castilla til Det spanske riket.

I ein lengre periode heldt Catalonia, som ein del av den tidlegare kongemakta Aragon, på sin eigne vanar og lover, men desse vart gradvis underminert i overgangen frå føydalisme til den moderne staten. I løpet av dei neste hundreåra var Catalonia generelt på den tapande sida i ei rekkje lokale konfliktar som førte til stadig meir sentralisering av makta i Spania, som det katalanske opprøret (1640–1652).

Den viktigaste konflikten var den spanske arvefølgjekrigen, som starta då Karl II av Spania (den siste spanske Habsburger) døydde utan arvingar i in 1700. Catalonia, og dei andre områda som tidlegare utgjorde kongemakta Aragon i mellomalderen, støtta det habsburgske kongesemne Karl av Austerrike, medan resten av Spania hovudsakleg slutta seg til den franske kandidaten frå Bourbon, Filip V. Etter Barcelona fall den 11. september 1714, vart «den spesielle statusen» til dei tidlegare områda i Aragon og institusjonane deira avskaffa gjennom Nueva Planta-resolusjonen, der alle områda vart innlemma i kongemakta Castilla, som provinsar under ein samla spansk administrasjon.

På siste halvdel av 1800-talet vart Catalonia eit industrisenter, og er i dag framleis eit av dei mest industrialiserte områda i Spania. På første tredjedelen av 1900-talet fekk og tapte Catalonia forskjellige grader av sjølvstyre fleire gonger, og fekk det første lovmessige sjølvstyre under Den andre spanske republikken (1931). Denne perioden var markert med politisk uro og mange anarkistar under den spanske borgarkrigen (1936–1939). Dei var òg aktive gjennom det tidlege 1900-talet, og fekk til den første åttetimars arbeidsdagen i verda i 1919. Etter republikken tapte i krigen og general Francisco Franco kom til makta, undertrykte regimet hans alle former for offentleg aktivitetar som var knytt til katalansk nasjonalisme, anarkisme, sosialisme, demokrati eller kommunisme, som å gje ut bøker om desse emna eller rett og slett diskutere dei i opne møte. Mellom anna vart bruken av katalansk språk bannlyst i offentlege institusjonar. I seinare periodar under Franco-regimet vart visse feiringar lov. Bruken av katalansk i massemedia vart heller ikkje godteke, men vart lov frå tidleg i 1950-åra.[3]

Etter Franco døydde i 1975 og den nye demokratiske grunnlova kom til i 1978, fekk Catalonia tilbake det politiske og kulturelle sjølvstendet sitt. I dag er Catalonia ein av dei mest økonomisk dynamiske regionane i Spania. Den katalanske hovudstaden og største by, Barcelona, er eit stort internasjonalt kultursenter og ein stor turistdestinasjon.

Nasjonalisme endre

Catalonia er eit område med ein sterk eigenidentitet, og mange katalanske nasjonalistar ønskjer meir sjølvstyre eller fullstendig sjølvstende frå Spania.

Katalansk språk er eit viktig symbol for mange innbyggjarar i regionen. Over halvparten har det som morsmål og bruker språket dagleg. Kastiljansk, det ein vanlegvis reknar som spansk, har vore dominerande i lang tid, og under Francotida var bruk av katalansk forbode. Sidan diktaturet fall i 1975 er katalansk teke meir i bruk offentleg, mellom anna som administrasjonsspråk.

Eit anna viktig symbol for Catalonia er det gul- og raudstripa flagget, Senyera. Dei som kjempar for katalansk sjølvstyre nyttar ofte ein variant av flagget, Estelada, som har ein blå trekant med ei kvit stjerne inst ved stonga.

Politikk endre

La Generalitat er sjølvstyreinstitusjonen i Catalonia. Han omfattar eit parlament, ein president og ei regjering eller utøvande råd. Størsteparten av den juridiske makta er likevel underlagt Spania. Regionen har sidan 1979 kjempa for høgre grad av sjølvstyre, trass i at den har det tredje høgste nivået av sjølvstyre av alle dei autonome einingane i Spania, etter Navarra og Baskarland. La Generalitat avgjer sjølv i saker som gjeld kultur, miljø, kommunikasjon, transport og offentleg tryggleik, men når det gjeld ting som utdanning, trygd og domstolar, må Catalonia underordna seg resten av Spania.

Forsøk på sjølvstende endre

Sjå òg Folkeavrøystinga om katalansk sjølvstende 2017.

I eit ekstraordinært møte på ettermiddagen den 27. oktober 2017 erklærte det katalanske parlamentet at regionen er ein sjølvstendig republikk. Ein time etter tok senatet i Spania over styringa av regionen, i tråd med paragraf 155 i den spanske grunnlova. Regjeringa og president Carles Puigdemont blei avsett fordi dei har arbeidd for å skilja Catalonia frå Spania, noko som er ulovleg etter grunnlova. Senatet i Madrid utlyste samstundes nyval i regionen 21. desember.

Provinsar endre

 
Frå Girona.

Catalonia er delt inn i fire provinsar:

Kjelder endre

Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.idescat.cat/indicadors/?id=anuals&n=10328&col=1.
  2. Languages of Catalonia, som oppgav Statute of Autonomy of Catalonia (2006)], Article 50, paragraph 6. Retrieved 2012-08-24. "The public authorities shall guarantee the use of Catalan sign language and conditions of equality for deaf people who chooses to use this language, which shall be the subject of education, protection and respect."
  3. Marc Howard Ross, «Cultural Contestation in Ethnic Conflict», s. 139. Cambridge University Press, 2007

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Catalonia
  Reiseguide for Catalonia frå Wikivoyage