Caterine Ibargüen

Caterine Ibargüen Mena (fødd 12. februar 1984) er ein kolombiansk friidrettsutøvar frå Apartadó i Antioquia-departementet som tevlar i høgdehopp, lengdehopp og tresteghopp. Ho er tofaldig verdsmeister i tresteghopp og vart olympisk meister i øvinga i 2016. Både i 2011 og 2015 vann ho trestegtevlinga ved dei panamerikanske leikane. Ibargüen sette søramerikansk rekord i tresteghopp med 15,31 m i 2014.

Caterine Ibargüen

Ibargüen under friidretts-VM 2015
Statsborgarskap Colombia
Fødd 12. februar 1984 (40 år)
Apartadó
Yrke friidrettsutøvar
Språk spansk
Høgd 181 centimeter
Caterine Ibargüen på Commons

Kjelder endre