Cato Husabø Fossen

norsk journalist

Cato Husabø Fossen (fødd 22. september 1992 i Førde i Sogn og Fjordane) er ein norsk journalist og programleiar. Han er sidan juni 2016 fast tilsett som politisk reporter i NRK Nyheiter[1] og frå juli 2019 nyheitsanker i Dagsrevyen, der han debuterte i tospann med Nina Owing 8. juli.[2] Han har også leia Politisk kvarterNRK P2 og enkelte valsendingar på NRK1 i 2017.

Cato Husabø Fossen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1992 (31 år)
Førde kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, programleiar, politikar
Politisk parti Høgre

For TV-sjåarar er han også kjend som sportsanker på TV 2 ein kort periode frå 2015 til 2016.[3] Det er imidlertid som politisk journalist han har gjort seg mest bemerka, og før fylte 23 år hadde han arbeidd i dei politiske redaksjonane til landets tre største mediehus NRK, TV 2 og VG.[4]

Fossen var medlem av Unge Høgre i ungdomstida,[5] og stod på Høgres liste til bystyrevalget i Førde i 2011, men meldte seg ut då han fekk den første journalistjobben sin i lokalavisa Firda same året.

Referansar endre